Illustrasjonsfoto: Bodø kommune.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fylkesmannen i Hordaland meiner Stord kommune bryt lova fordi det ikkje er eit godt nok krisetilbod for menn.

Det var i fjor sommar at fylkesmannen gjorde eit tilsyn med Stord kommune sitt krisesentertilbod. Her fann dei at kommunen bryt lova fordi kriseråka menn og menn med barn blir sendt til hotell i staden for å få eit likeverdig tilbod som for kvinner, slik dei har krav på.

– Under tilsynet kom det fram at kommunen bryter pliktane i krisesenterlova ved at einslege menn og menn med barn blir tilbydde plass på hotell når dei treng å bu på krisesenter, skriv fylkesmannen.

Utgjer risiko for teieplikta

At kriseråka menn må bu på hotell meiner fylkesmannen er alvorleg, då dette ikkje gir nok tryggleik i ein krisesituasjon.

– Dette tilbodet sikrar ikkje den fysiske eller psykiske integriteten til den einskilde brukar, og utgjer ein risiko for at teieplikta ikkje blir overhalden. Eit hotell fyller heller ikkje krava til bemanning på døgnbasis, og brukarane vil ikkje kunne nyte godt av fellesskapet med andre. 

- Annonse -
- Annonse -

Fylkesmannen peiker også på at det er uheldig for barn å måtte bu på hotell i ei krisefase.

– Ein plass på hotell vil heller ikkje tilfredsstille barns behov for oppfølging og terapeutisk tilrettelegging i ein sårbar livsfase, ivareta tryggleiken til barna godt nok, og vil ikkje gje tilpassa leikeareal og opphaldsrom, skriv fylkesmannen.

- Annonse -
Kommunalsjef i Stord kommune, Knut Gram, foto: Jonas Sætre/Stord24

Sa opp leiligheit i Haugesund

Stord kommune må no gi ei skriftleg tilbakemelding på kva som vil bli gjort for at tilbodet er i samsvar med lovkrava. Kommunalsjef i Stord kommune, Knut Gram, opplyser til Stord24 at behovet for krisehjelp til menn er ganske lite.

– Det er nok framleis hotell som er i bruk i dag. Eg veit at dei tidlegare hadde ein leiligheit i Haugesund, men at denne har lite brukt. Det har nok vore grunnen til at leiligheita har blitt sagt opp, med atterhald om at eg har fått med meg alt.

Krisetilbodet i regionen er organisert i Krisesenter Vest IKS, som har ansvar for krisetilbodet i 17 kommunar, med senter på Stord og i Haugesund. Haugesund har fått tilsvarande brev frå fylkesmannen i Rogaland.

Gram fortel at det er styret i krisesenteret som no må kome framlegg til korleis dei skal løyse situasjonen.

– Kva som er grunnen til at tilbodet til menn er omorganisert kan eg ikkje svare på. Dette er eit interkommunalt samarbeid, og det som vil skje no er at styret i krisesenteret vil bli utfordra på å svare på kva dei vil gjere med avviket, seier Gram.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -