Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Ein mann i starten av 20-åra gjekk til angrep på ein politibetjent i Leirvik sentrum.

Det var ein sommarnatt i fjor at ein 23-åring frå Nord-Norge nekta å følgje politiet sitt pålegg om å forlate Leirvik sentrum.

Politiet var i gang med undersøkingar av sin slåsskamp utanfor utestaden Sjøhuset, då mannen tok tak i ein politibetjent på overkroppen og forsøkte å rive han ned. Det enda med at politiet la han i bakken og sendte han i arresten.

Mannen nekta også å oppgi adressa si når politiet spurte han om det.

23-åringen var overstadig berusa under episoden, og har forklart at han ikkje hugsar noko frå hendinga utover at han vart lagt i bakken.

Statsadvokaten sette også mannen under tiltale for å ha filma politiet med mobilkamera på ein måte som var plagsom for politiet, men dette forholdet blei fråfalt av aktor.

- Annonse -

Dermed må mannen sone 21 dagar i fengsel etter den fuktige byturen.

– Vald mot politiet vert normalt straffa med fengselsstraff utan vilkår. Retten kan ikkje sjå at det føreligg forhold som gir grunnlag for å fråvike dette, skriv retten.