Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Stordabuen i starten av 50-åra var rusa på cannabis, smertestillande og sovetablettar.

Det var i slutten av januar i fjor at stordabuen køyrte frå Kiwi-butikken i Studalen og nordover langs E39. Politiet fekk då bekymringsmelding om ein bil som køyrde uforsvarleg, og seinare melding om ein bil som var køyrt ut av vegen.

Då politiet kom til staden var ambulansepersonell komen til staden, og det var tydelege merker på ein skilt-stolpe langs vegen, spor i vegen og merker på bilen som tyda på at bilen hadde køyrt eit stykke utanfor vegbanen.

Hugsa ingenting

Mannen hugsar sjølv ingenting av utforkøyringa, og politiet oppfatta han så rusa at det ikkje vart føreteke noko vitneavhøyr.

Analysen av blodprøven politiet tok av mannen konkluderer med at mannen hadde ei promille på over 1,2, basert på summen av alle rusmidlane han hadde tatt.

Sjølv om mannen fekk sovetablettane og smertestillande frå legen, konkluderer dei sakkunnige at den påviste konsentrasjonen var langt høgare kva legen skreiv ut.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mange mjuke trafikantar

– Retten finn at ei passande straff er 24 dagars fengsel, sett i samanheng med alvorsgraden av køyringa, og at den føregjekk på eit tidsrom og ein stad med mange mjuke trafikantar ute på vegane.

I tillegg mister mannen førarkortet i to år, og må betale ei bot på 15.000 til statskassa.

Retten meiner det er noko formildande for straffa at det gjekk eit år før saka kom opp i retten. Mannen er tidlegare ustraffa.