Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 50-åra frå Sunnhordland er dømt til fengselsstraff for å ha diskutert seksuelle overgrep på Skype.

Det var i løpet av nokre veker hausten 2016 at Skype-samtalane fann stad. Sunnhordlendingen deltok då i chattesamtalar der han beskreiv detaljerte overgrep mot barn, og deltok i chattar som seksualiserer barn.

Mannen skildra mellom anna seksuell omgang som han ønskte å utføre på barnet til den andre brukaren. Blant anna skildra han korleis han ønskte å utføre samleie på barnet.

Saka vart avgjort i Sunnhordland tingrett ved tilståingsdom. Sunnhordlendingen gav då ei tilståing utan atterhald i retten.

I tillegg vart utskrift av chatteloggen brukt som bevist i retten.

– På bakgrunn av dette har retten funne det bevist at sikta har gjort seg skuldig i det han er tiltalt for, og at han har handla med forsett, heiter det i dommen frå Sunnhordland tingrett.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Basert på det grove innhaldet i Skype-samtale var ikkje retten i tvil om at sunnhordlendingen skulle dømmast til fengselstraff.

– Retten legg vekt på at det er tale om chatting ved fleire høve over ein periode på ca. to veker. Retten legg også vekt på at det i chatten er skildra seksuell omgang med barn.

Tiltalte må dermed sone ei fengselsstraff på 30 dagar. I tllegg blir den bærbare PC’en hans inndratt til statskassa.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -