Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein slåsskamp utanfor Rema 1000 Heiane midt på ein travel laurdags føremiddag blei ei dyr affære for dei to unge mennene.

Det var laurdag 6. januar i år at dei to mennene i 20-åra barka saman i ein slåsskamp rett utanfor inngangen til Rema 1000 på Heiane.

Dei to møttest etter at ein av dei hadde vore til frisøren ved sidan av butikken. Etter noko munnhuggeri blei han eine spytta i ansiktet, og blei dytta tilbake. Det vart mellom anna utført slag mot ansiktet med knyttneve.

Fleire personar greip inn for å hindre at situasjonen tilspissa seg. Ein av partane tok ta i flasker og eit metallskilt som han ville kaste på den andre, men blei hindra av dette.

Slåsstkampen resulterte i at ein av mennene fekk skuldra ut av ledd.

- Annonse -

Det kom etter kvart ein sivil politimann til staden som fekk avklart situasjonen.

- Annonse -
- Annonse -

Sunnhordland tingrett meiner at slåstkampen normalt skal straffast med bot på 8000 kroner. Men sidan partane har venta 9-10 månadar på ei avgjerd vert bota satt til 4.500 kroner for begge to.

– Retten er ikkje i tvil om at dei forstyrra den ålmenne fred og orden ved å slåst denne laurdags føremiddagen utanfor Rema 1000. Det er skjerpande at bråket skjedde ein stad som vanlegvis er sterkt trafikkert av handlande, både vaksne og barn, skriv retten.

- Annonse -