M/S Fjordprinsen er nummer to i rekken av totalt tre katamaraner som skal leverast til Norled. Foto: Oma Baatbyggeri AS
- Annonse -

Tysdag leverte Oma Baatbygggeri AS hurtigbåten M/S «Fjordprinsen» som skal gå i rute i Troms.

Båttypen er ein vidareutvikling av dei mange andre katamaranane som Oma Baatbyggeri har levert til ulike norske rederi.

– Dette nybygget har ei utforming og er utrusta med framdriftsmaskineri som vil gi ytterleg reduksjon i energiforbruk. Med dette nybygget bekrefter Oma Baatbyggeri si leiande posisjon når det gjeld lavt brennoljeforbruk, lav støy og høg passasjerkomfort, står det i pressemeldinga.

M/S «Fjordprinsen» er ein av tre søsterskip som båtbyggeriet produserar for Norled AS etter ein kontrakt inngått i fjor. Den første båten, M/S «Fjorddronningen» vart levert 15. oktober.

– Begge fartøya skal settast i drift frå 1. januar 2020. Det siste fartøyet skal leverast i mars 2020, står det vidare i meldinga.

- Annonse -

Desse passasjerkatamaranane er 39 meter lange og har kapasitet for 296 passasjerar. Dei skal gå i rute mellom Tromsø, Finnsnes og Harstad.

- Annonse -
- Annonse -

Viseadministrerande direktør i Norled seier at deira ambisjon er å vere ein pådrivar for ny og miljøvennleg teknologi.

– Vi har jobba tett med Oma Baatbyggeri i mange år, og veit at dei bygger fartøy som er solide, topp moderne og gir gode reiseopplevelsar.