Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Arild Tony Lyngstadås kan bli så provosert han berre vil av politiske diskusjonar, men me treng å drøfta budsjettet.

Av: Geir Angeltveit, Stord Venstre

Utan å gje noko døme på kva han meinar er «syting» og «klaging» frå Venstre, Høgre og FrP, seier Arild at han er provosert over oss. Og meinar me burde, saman med KrF, antar eg. Retta skytsen til eiga regjering.

Arild Tony Lyngstadås kan bli så provosert han berre vil av politiske diskusjonar, men me treng å drøfta budsjettet.

I 2013 meinte Arild Tony Lyngstadås at det var den lokale borgarlege koalisjonen som var årsaka til alt han meinte var galt. Sjølv om landet var under 8 år med raudgrøn regjering.

Arild skriv: «-I Stord er det den borgelige koalisjonen H, V, Krf og Sp som sitter med makten, og har gjort det i 6 år. Hvert eneste år har de fått flertall for å kutte i skole og omsorgssektoren.»

- Annonse -
- Annonse -

Eg trur nok også dagens koallisjonspartnarar KrF og Senterpartiet vil sei seg samde i at påstanden er feil.

Då la lesarbrevskribenten skulda på det førre lokale fleirtalet, medan den Raudgrøne regjeringa hadde ingenting av skulda for ståa i Stord Kommune. I dag argumentera Arbeidarparti-entusiast Lyngstadås med at det er den borgarlege regjeringa si skuld dei vedtaka som vert fatta, og ikkje dei lokale prioriteringane.

Kort fortalt, Arbeidarpartiet kan ikkje gjere noko gale, det er alltid Arilds politiske motstandarar som har skulda.

Den typen debattar er eg ingen tilhengjar av, det øydelegg debattklimaet og er lite meir enn ein retorisk livbøye.

Lokalt har posisjon og opposisjon dei same pengane til rådvelde, uansett kva regjering me har. Det lokale handlingsrommet og dei lokale prioriteringane visar forskjellen på partia. Om det er borgarleg stortingsfleirtal eller raudgrønt.

- Annonse -

Sidan Arild Tony Lyngstadås ikkje har vist til kva han meinar er «syting og klaging», så vil eg gjerne reflektera over det som vert sagt om budsjettet etter at koallisjonen (AP, SV, Senterpartiet og KrF) vedtok sitt forslag.

Venstre er svært kritisk til eit kutt i Elevressursen til skulane, noko utdanningsforbundet er samd i. Og ikkje forstår me korleis dei har misforstått kva Elevressursen er, på pressekonferansen og i kommunestyret seier dei at midlar til lærarnorma kan nyttast til det tilsvarande som elevressursen vert nytta til. Dette er feil. Noko utdanningsforbundet har påpeika.

Me er bekymra for auken i eigedomsskatten og det samla skattetrykket, og me lurar på korfor posisjonen har null vilje til å gjennomføra fleire effektiviseringar i kommunen.

I møter har me stilt spørsmål rundt finansiering av leikeplass i Borggarden, kor koalisjonen presiserte at det ikkje var lagt inn midlar.

Me har stilt spørsmål om korleis dei ønskjer å oppretthalda elevplasstilbodet i Kulturskulen, trass i at koalisjonen kuttar ein halv million. Dei seier dei ikkje ønskjer å redusera elevplassane, men rådmannen ser inga anna måte å spara ein halv million i kulturskulen enn å redusera talet på stillingar.

«I budsjettet er kulturskulen sine midlar til drift blitt redusert med 0,5 mill. kr. Ein må difor starta nedbemanning og avvikling av elevplassane og kan ikkje avvente ei ev. omorganisering. Tilboda kan eventuelt re-etablerast dersom ei omorganisering gjer grunnlag for det.»

Dette berre skrapar overflata av dei diskusjonane me har. Me drøftar ting, spør kva dei meinar på ei sak, påpeikar feil i ei anna, dei påpeikar feil hjå oss og ber om avklaringar av kva me meinar. Dei fleste spørsmåla og svara er grundige og kjedelege og kjem aldri på trykk.

Dette er den politiske opne debatten. Gjennom høyringar, lesarbrev, avisartiklar, spørsmål og møter og epostar diskuterar me oss opp og i mente på budsjettet. Å kalla det for «syting og klaging» viser mangel på forståing for den demokratiske prosessen frå Arild Tony Lyngstadås.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -