Lunds Tivoli kjem med meir moderne "kræsjebilar" til årets tivoli på Stord. Foto: Lunds Tivoli
- Annonse -

Frå 30. mars til 2. april er det på ny klart for Lunds tivoli på Heiane.

Ein av dei nye attraksjonane i årets tivoli er «New York Grand Central Terminal», som er ein ny og meir moderne  versjon av dei tradisjonsrike «kræsjebilane».

Lunds Tivoli er Norges største og eldste tivoli og vart starta i 1895. Dagens innehavar Aasmund Lund, er oldebarnet til han som starta tivoliet, og fortalde førre veke til TV Haugaland at tivoli-livet er like mykje ein livsstil som ein jobb.

– Me er førti mann på vegen og me har over 250 reisedøger i året, sa Lund, som også driv Kongeparken i Ålgård.

Lunds Tivoli har sesong frå februar til oktober, men som vanleg er det om våren at det vitjar Stord.

Tivoliet vil vere lokalisert på Heiane ved sidan av Bohus-bygget.

- Annonse -
- Annonse -