Foto: Utbygdo grendahus
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei 30 år gammal kvinne frå Stavanger er frikjent for valdelege handlingar mot ei kvinne frå Stord under ein fest i fjor sommar.

Kvinnene var begge på ein fest i Utbygda grendahus i Trodlahaugen på Stord i juni i fjor. Begge drakk alkohol og blei fulle.

Det vart etter kvart ugrei stemning mellom dei to, og den fornærma kvinna og gjengen hennar blei bedne om å forlate lokalet. Då oppsto det krangel.

Kva som så hendte har kvinnene ulike versjonar om. Den tiltalte Stavanger-kvinna forklarte at fornærma var på veg til å forlate lokalet då ho kom bort til ho og tok tak i håret og kleda og dytta hennar. Ho skal då ha mista balansen og tok tak i håret hennar og la ho i golvet.

Men den fornærma stordabuen, som altså har politimeldt 30-åringen for vald, forklarte at ho plutseleg blei angripen av kvinna utan foranledning. Ho forklarte at tiltalte kløyp ho i brystet og lugga ho i håret, slik at ho enda på golvet.

Fanga på video

Men at kvinnene har ulik forklaring er ikkje så farleg. Det heile var nemleg fanga på video.

- Annonse -
- Annonse -

Sunnhordland tingrett spelte av ein mobilvideo frå klammeriet under rettssaka. Den viser at fornærma på eit tidspunkt gjekk vekk før ho gjekk tilbake mot tiltalte. Ho retta ein finger mot 30-åringen og gav uttrykk for at ho syntes det heile var uprofesjonelt.

- Annonse -

Videoen viste vidare at stordabuen på ny gjekk mot tiltalte og sa «pass deg» og gjekk fysisk til angrep på tiltalte. Då tok tiltalte tak i hennar venstre bryst og håret hennar og drog ho ned i bakken.

Handla i naudvergje

Basert på videoen meiner retten det er tydeleg at valdshendinga blei innleia av at stordabuen gjekk til angrep på den tiltalte kvinna frå Stavanger.

– Etter rettens skjønn må lugginga til tiltalte vurderast som ei lovleg naudvergehandling som eit resultat av angrepet til tiltalte. Lugginga gjekk ikkje lenger enn naudsynt og framsto som forsvarleg, konkluderer Sunnhordland tingrett.

30-åringen blir dermed fullstendig frikjent både for straff og erstatningsansvar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -