Teikning: Statens Vegvesen
- Annonse -

Regjeringa løyver midlar til vidare planlegging av E39 frå Stord til Os og frå Stord til Bokn, men vegen over Stord er ikkje nemnd med eit ord.

Slik Stord24 skreiv denne veka, vil ikkje Statens Vegvesen gå vidare med planarbeidet med E39 frå Heiane til Ådland Bru, då vegstrekninga ikkje kom med på Nasjonal Transportplan.

Statsbudsjettet som blei lagt fram i dag, stadfestar dette. Regjeringa løyver midlar til arbeidet med kommunedelplan på enkelte strekningar på E39 mellom bokn og Stord, samt til reguleringsplan på strekninga mellom Stord og Os. Regjeringa skriv også at det sannsynlegvis vil bli sett i gang arbeid med statleg plan for E39 frå Stord til Aksdal.

Men vegstrekninga mellom Heiane og Ådland Bru er altså ikkje nemnd med eit ord.

Liv Kari Eskeland (H) Foto: Sysla

Vil finne ei løysing

Liv Kari Eskeland (H) er ikkje overraska over at hennar eigen regjering ikkje ein gong har nemnd vegen i statsbudsjettet.

- Annonse -

– Eg registrerer at vegen ikkje er nemnd i statsbudsjettet. Dette er ein konsekvens av at me mista moglegheita til å bli nemnd i NTP. Eg tenkjer at eg no skal jobbe for å få dette inn igjen, for vegen er trafikkfarleg og dette er noko me må finne ei løysing på.

Håpet til Eskeland er at det er mogleg å finne nokre generelle planleggingsmidlar frå Statens Vegvesen, slik at ikkje planarbeidet vil stå i ro.

– No skal det heldigvis vere ein NTP-rullering i denne fireårsperioden. Men om me greier å få på plass planleggingsmidlar før dette spørs. Eg skal jobbe med det, men det er alltid vanskelegare når det ikkje er nemndt i NTP-en.

– Kva kan gjerast for å få trykk på saka?

– No tenkjer eg at ein bør ta eit møte med Statens Vegvesen for å høyre kva moglegheiter for å få allokert nokre generelle planleggingsmidlar. Dersom Vegvesenet då seier at det ikkje er rom for noko sånt, må me på Stortinget sjå kva me kan gjere. Men i og med at det er Stord kommune som eig denne planen, er det jo naturleg at det er dei som tek initiativet.

Øyvind Halleraker vonar at ny E39 står ferdig om 10 år. Foto: Wikimedia Commons

Vil ha vegen klar om ti år

Tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H), som no skal starte i jobben som dagleg leiar i Hordfast AS, er god nøgd med at det det vart løyva planmidlar til E39 frå Stord til Os.

– Det er veldig gledeleg at midlar til reguleringsplanen for Hordfast ligg i budsjettet, for det betyr at me kan halde framdriftsplanen som me hadde tenkt, nemleg at me får eit vedtak på kommunedelplanen no i haust og kan begynne på reguleringsplan Os-Stord.

Når det gjeld E39 lokalt over Stord er han samd med Eskeland på tinget i at eit lokalt press kan vere avgjerande.

– Det er jo ikkje noko nytt under sola at ein lokalt har teke intitaiv for å bringe prosjekt reskare fram viss det er ønskjeleg, og det er det jo for oss som driv med Hordfast også. For når Hordfast står ferdig om 10 år, så bør me vere heilt klare med vegen over Stord.

– Dette er jo eit tradisjonelt vegprosjekt utan nokre store utfordringar, bortsett frå nokre tunellar. Her bør ein avklare kva slags moglegheiter som finst, både lokalt og sentralt.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

Samling i botn

Rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør, seier seg einig kommunalsjef Lovise Vestbøstad i at det er viktig for kommunen å få ei avklaring på E39.

– Det er utfordrande for oss å ikkje få realisert E39 over Stord både for kommune og næringsliv. Denne parsellen heng tett saman med annan infrastruktur som næringsareal og lokalt vegnett.

– Signala har vore tydelege på at det ikkje vert sett i gang reguleringsarbeid så lenge prosjektet ikkje er prioritert i transportplanen. Eg har ikkje fått sett meg inn i kva som står om planmidlar til E39 i statsbudsjettet, men me må sjå kva me no kan gjere slik at me kan gå vidare med planarbeidet, seier Magnus Mjør.

- Annonse -