Moster kyrkje. Foto: Moster Amfi
- Annonse -

Regjeringa løyver millionsummen til Bømlo teater til planlegging av 1000-årsjubileet for Mostratinget i 2024.

Bømlo teater har allereie sett i gang planlegginga av det storstilte jubileet. Regjeringspartia ønskjer å støtte opp om det lokale initiativet for å markere den viktige historiske hendinga, og løyvar 1 million kroner som eit eingongstilskot i 2019.

– Eg er svært nøgd med at Bømlo frå nasjonalt hald er peika på som ein viktig historisk stad for kristninga av Noreg. Med kyrkja og amfiet med sine fasiliteter evnar ein her å sette ei verdig ramme rundt denne viktige hendinga i Noreg si historie, seier Knut Arild Hareide (KrF)

– Ei slik støtte frå stortinget set jubileet i eit nasjonalt perspektiv, seier bømlingen.

Stortingspolitikar Liv Kari Eskeland (H) er også godt nøgd med at det blir ei nasjonal ramme rundt markeringa i 2024.

– Dette understreker det viktige arbeidet som vert gjort, og anerkjenner viktigheita av denne hendinga som Bømlo har teke på seg å markere. Det er blitt jobba systematisk med prosjektet, og me er viss på at dette vil få ein nasjonal dimensjon av klasse, seier Eskeland.
- Annonse -