Lovbrota ved Fitjar Mekaniske er hovudoppslag i Klassekampen måndag. Faksimile/foto: Klassekampen/Fitjar Mekaniske
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Arbeidstilsynet sine funn om brot på arbeidsmiljølova hos Fitjar Mekaniske Verksted blir bretta ut over to sider i måndagens Klassekampen.

Som det tidlegare er skrive i lokale media dei siste månadane avdekka Arbeidstilsynet ei rekkje brot på arbeidsmiljølova under tilsyn på Fitjar Mekaniske.

Helsefarlege maskinar, usikra arbeid i høgda, og brot på reglane om innleige av utanlandske arbeidarar, er blant funna Arbeidstilsynet gjorde.

I dag skriv avisa Klassekampen ein lengre reportasje om saka, der dei dreg linja mellom to dødsfall ved verftet i løpet av dei siste ti åra og funna til Arbeidsmiljølova.

Klubbleiar ved verftet, Frode Andersen, seier til avisa at utfordringa til Fitjar Mekaniske er den høge graden av innleigd personell.

– Me kan vere opp til 150 mann på området i hallane og båtane. Berre 30 av desse er eigne fast tilsette hos FMV. Desse leigearbeidarane gjennomtrekkar verksemda i løpet av året. Dei kjenner ikkje noko eigarskap til verksemda og har ikkje det same samvetet for utstyr og eigedom.

- Annonse -
- Annonse -

Andersen meiner det innleigde personellet har eit for høgt fokus på å jobbe raskt for å kunne få nye oppdrag, og seier til avisa at han meiner HMS-fokuset i bedrifta er «lite strukturert».

- Annonse -

– Det ofte dei raskaste løysingane som er nøkkelen som igjen fører til uønskte hendingar eller feil på maskinar. Jobbar dei raskt, har dei betre sjanse for nye oppdrag. Eg meiner hovudproblemet ligg her, i kombinasjon med ein lit strukturert HMS-oppfølging, seier Andersen til Klassekampen.

Organisasjonssekretær Rose Maiken Flatmo i Fellesforbundet deler dei same bekymringane.

– Mitt inntrykk er at innleidde under slike vilkår arbeider så fort som mogleg, medan det tek meir tid å følgje HMS-krava. Manglande HMS-arbeid får heller ikkje store følgjer for verksemda så lenge det ikkje skjer alvorlege ulukker, seier Flatmo.

Verftsdirektør Hugo Strand har valt å ikkje nytte seg av tilsvarsretten i avisa si reportasje.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -