Hanne Førsund Larsen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hanne Førsund Larsen har samla inn over 200 underskriftar for å redde busstilbodet på Litlabø. Skyss lovar likevel ikkje betring.

Det var i starten av juni at Skyss annonserte dei nye endringane i kollektivtilbodet på Stord. Rutene vert forenkla med fleire avgangar langs dei store aksene. Men på Litlabø blir rutene kraftig redusert, noko som fører til konsekvensar for lokalbefolkninga som er avhengig av bussen.

Stord24 skreiv tidlegare i sommar om Hanne Førsund Larsen. Etter at dei nye rutene starta har anna val enn å gå seks kilometer til Leirvik for å kome seg på jobb på laurdagar.

Over 200 underskrifter

Larsen starta kort tid etter ein underskriftskampanje for å behalde dagens tilbod, der det så langt er over 200 som har skrive seg på lista.

– Me har runda 200 underskrifter på nettet, og elles er det lagt ut lister på Kiwi Sagvåg og hos Gullsmed Atle Myhre, fortel Hanne Førsund Larsen.

- Annonse -
- Annonse -

Skyss opplyser at dei har fått med seg engasjementet på Litlabø, men kan ikkje love noko endring med det første.

Tek med innspela

– Me er kjend med den pågåande underskriftsaksjonen. Skyss tek alle innspel med oss i evalueringa av ruteomlegginga, og vidare arbeid med rutene i dette området, opplyser Målfrid Vik Sønstebø, leiar for avdelinga for trafikktilbod i Skyss.

– Vil de revurdere rutekutta i Litlabø?

– Dersom det skal setjast inn nye avgangar over Litlabø, vil ressursar til dette måtte «hentast» ved omprioriteringar ein annan stad i området. Tidspunkt for avgangane som går på strekninga kan bli teken opp til vurdering, men me vil altså gi dette noko tid, Sønstebø.

- Annonse -

– Me vil vente og samle erfaringar med dei nye rutene før me eventuelt gjer justeringar. Ei ruteomlegging vil alltid medføre fordeler for nokre og ulemper for andre, og me er leie oss for at enkeltpersonar kan bli råka.

Sigbjørn Framnes, foto: Jonas Sætre/Stord24

Saknar involvering

Fylkespolitikar Sigbjørn Framnes (Frp) kravde svar frå fylkesrådmannen i Hordaland om endringane i busstilbodet tidlegare i sommar.

– Me har sett nyheitsoppslag der folk må begynne å gå grunna det nye opplegget. Eg snakka med Stord kommune og spurte om dei kjente til det nye ruteopplegget, og nei, det gjorde dei ikkje. Då er spørsmålet mitt, kor er involveringa blitt av?

Administrerande direktør Oddmund Sylta i Skyss svarte Framnes på vegner av fylkesrådmannen, og viste til at kommunen hadde høve til å gi innspel i høyringsrunden i 2015.

– Når det gjeld sjølve prosessen blei mykje gjort i 2015, som danna grunnlaget for det som no startar 2. juli. Dialogen med kommunen var gjennom Samarbeidsrådet for Sunnhordland og direkte med kommunen. Innspela låg ved saka i 2015, og då er det ofte slik at ein ønskjer seg meir enn ein klarar å få.

Spurte om taxi

Framnes spurte også om det kunne vere eit alternativ for busselskapet å tilby taxitenester på Litlabø, slik at ein vil kunne ringe etter ein buss på førehand. Heller ikkje dette ville Skyss imøtekome.

– Dette med taxi kom opp som problemstilling i slutten av prosessen, og me opna opp for bruk av taxi på ein god del skulerutar i anbodsområdet. Så er det sånn at det vert gjort nokre endringar, så vil det bli støy. Men eg trur det totalt sett er eit tilbod som vil bli betre for fleirtalet av brukarane i Sunnhordland. Så vil det alltid finnast nokon som vil få eit dårlegare tilbod.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -