Foto: Magne Raknes
- Annonse -

Skal bygge om trålar til ein kostnadsramme på langt over 100 millionar kroner. Gründerbedrift på Stord drar nytte av kontrakten.

Reiarlaget Pesquera Azul Norge (PAN) har valt LOS Marine AS på Rubbestadneset til ombygging av ein tidlegare skjell-trålar. Trålaren K/V Kovda, originalt bygd som K/V Leiranger, skal byggast om for å brukast til linefiske etter tannfiske i Sørishavet. 

– Det er svært gledeleg at PAN vel LOS Marine AS til denne jobben, seier ein fornøgd dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i LOS Marine AS.

Selskapet opplyser at båten skal ferdigstillast innan september 2019 og at arbeidet har ei
kostnadsramme på langt over
 100 millionar kroner. Det vil bety ein betydeleg auke i omsetnaden til verftet på Rubbestadneset.

Men i følgje Sysla har kontrakten ein verdi på nærmare 200 millionar enn 100 millionar.

Største jobben nokon sinne på Rubbestadneset

Oppdraget vil gå inn i historia som det største som har vorte utført ved kaiane i Rubbestadneset, og det er også den blant de største kontrakten som nokon gong har blitt teikna i LOS Gruppa.

- Annonse -

– Dette oppdraget vil har stor betydning for LOS Gruppa på fleire måtar, då ein av underleverandørane er LOS Elektro AS, opplyser Koløy.

Han meiner oppdraget er starten på ei stor framtid for Rubbestadneset.

– Me ønskjer å ta på oss større ombyggingar av skip. Det er ein ny strategi for oss, og dette er starten på ein ny framtid for Rubbestadneset. I tillegg utviklar me verftet for vedlikehald av elektro/automasjon og roterande maskineri, for å møte verda med moderne skip som også har batteri og hybride løysningar.

Slik er trålaren som skal byggast om.

Jobb til gründerbedrift frå Stord

Det er ikkje berre LOS-gruppa på Bømlo som får nytte av storkontrakten. Båten skal ta i bruk ein pilot for innovative løysingar designa av gründerbedrifta Sago Solutions AS i Sagvåg på Stord.

Dette omfattar ein unik hekk med basseng for setting og draging av liner, samt at fartøyet vil ta i bruk konseptet ved namn Sago Extreme.

Sago Solution vart nominert til Nor-Fishing sin innovasjonspris i 2018 for løysinga.

Fleire arbeidsplassar

LOS Marine AS har i dag over 50 tilsette og kontrakten med PAN vil føre til at ein må utvide arbeidstokken med fleire medarbeidarar, noko selskapet opplyser at dei allereie er godt i gong med. På topp vil prosjektet sysselsetja ein plass mellom 80 og 100 personar 

– Men, ein vil ikkje kome utanom innleige av arbeidskraft for å klara å gjennomføra når prosjektet startar opp for fullt, opplyser Bømlo-bedrifta.

- Annonse -