Panteautomaten - ein praktisk og miljøvenleg oppfinning, men også ei grenselaus kjelde til irritasjon. Foto: Jan Morten Nesse
- Annonse -

Eg hantar pantekø! Verkeleg! Pantekø manar fram onde sider i meg som eg ikkje visste at eg har buande i meg.

Av: Jan Morten Nesse

Eg låg i si tid ved Universitetet i Bergen i fleire år og las antropologi. Lærte meg kunsten å vera tolmodeg for å kunna analysera menneske og stammer i himmelstrøk få har besøkt. I alle fall likar folk frå vår del av verda å tru at «Dette er er nytt, her har det ikkje vore folk før» og så har det eigentleg vore folk der i tusenvis av år.

Men… tolmod. I antropologien skal ein vera så lenge i felten at lokalbefolkninga til slutt ikkje ensar deg. Etter månader, halvår og det som lenger er, er meininga at ein skal gli inn. Bli uoppmerka, ingoknito, gamalt nytt. Slik at når lokalbefolkninga ser deg tenkjer dei at «Åja, der er han, ja.» Eller dei gjev fullstendig blaffen når eg kjem slentrande forbi. Godteken som fullverdig stammemedlem på ein måte. Fyrst då kan arbeidet med å analysera, observera og dra slutningar starta. Tolmod, altså.

Etter å ha vore busett årevis i den latinske delen av verda har eg tilegna meg kunnskapen at eg alltid skal ha god tid. Å ha det travelt er heilt bortkasta energi. Travle folk tenkjer eg er dei som pådreg seg hjarteproblem og fysiske plagar. Men ikkje eg. Eg har nemleg god tid. Går aldri med klokke, mobilen min ligg i bilen. Så lenge eg ikkje brukar av andre menneske si tid, tenkjer eg at det å ha god tid er sunt, ein slags mental luksus. I hovuda på folk som har det travelt får snikskyttaren i hjernen tildelt ekstra ammunisjon og fyrer laus sine mentale skot der det gjer aller vondast.

Eg frydar meg når eg står i kassa på KIWI og ei gamal dame tek til å fikla med portemonèen sin og fiskar opp mynt etter mynt. Sakte. Gamle damer har også lært seg at det lønar seg å ha god tid.

- Annonse -
- Annonse -

Eg humrar når ein stressa småbarnsfar har gløymt bleiene og seier til kassadama og køen bak han at han skal bare….og så småspring han mot bleiehylla som ligg forholdsvis langt inne i butikken. Eg likar folk som gløymer lommeboka i bilen eller som ikkje hugsar koden på kortet. Folk som som ikkje har dekning på konto. Menn i dress som høfleg ber om å få sleppa forbi i køen fordi dei har «så lite» eller har det «så travelt».

Då himlar folk i kassakøen med augo, kremtar, nokre kjem med småkommentarar til andre i køen eller ser olmt på kassadama. Utanom eg. Eg storkosar meg. Dette er antropologi på ultralokalt nivå og eg kan analysera kjapt fordi eg allereie glir inn i lokalmiljøet. Eg er inkognito og godteken som fullverdig medlem av stamma. Ingen legg merke til meg. Dei gongane dette førekjem føler eg meg griseheldig. Desperasjonen og fortvilinga lyser i augo på folk. Dei rettar seg opp i ryggen, kommenterer og vert veldig ukomfortable.

Ein gong observerte eg ein stram herremann som stod etter ei med portemonet. Han hadde kortet klart, stakk det rett inn før kassadama rakk og sei «pose» før han braut ut i triumf:

«Sjå, så raskt kan det gjerast!» Utanfor KIWI’en hadde han all verdas tid då han stod og snakka med ein kjenning.

Når slike fenomen oppstår i min nærbutikk kan eg gjera hundrevis av interessante observasjonar på berre eit minutt eller to. Og så smiler eg. Seier når det vert min tur til kassadama, som for øvrig snakkar spansk, at «det er ikkje hennar feil» og at «folk er rare», slik som May Britt Andersen så elegant formulerte det.

Ingen skjønar kva kassadama og eg snakkar om, ho senkjer skuldrene, tek til å pusta med magen og let vera å slå inn to kroner for plastposen som det ultimate «takk skal du ha». I pressa situasjonar ser eg på meg sjølv som kassadama si klippe i tilværet.

Men filosofien min om alltid å ha god tid merkar eg fell på steingrunn i ein bestemt situasjon.

- Annonse -

PANTEKØ! Eg hantar pantekø! Verkeleg! Eg foraktar det, pantekø manar fram onde sider i meg som eg ikkje visste at eg har buande i meg.

Eg vert han kødden i kassakøen. Eg himlar med augo, sender onde blikk og ser ut som eg er fylt til randen av hat. Panting er det verste eg veit. Det burde vore innført strenge reglar. Aldri meir enn to plastposar, effektivitet og målretta panting, ein pantar per panteærend og reingjorte boksar og flasker når ein kjem. Brot på desse reglane bør gje høge bøter, ideelt sett fengselsstraff.

Når eg kjem med mine to handleposar med halvannanlitersflasker med Boble, bringebærsmak, for å panta på KIWI og det står eitt eller anna nek der allereie med to svarte bosposar fulle av tomgods, er eg nøyddt til å dra fram all min indre styrke for at snikskyttaren i hjernen ikkje skal få inn eit skikkeleg blinkskot. Kven er det som sparar på tomgods?

Eg plasserar mine to små posar med bobleflasker, bringebærsmak, demonstrativt på golvet og trampar bort til oppslagstavla for å lata som om eg er interessert i sakna kattar og det som rører seg i organisasjonslivet på Stord. Let det skina gjennom at eg synest vedkomande er ein skikkeleg sosaladd og vandrar kvilelaust rundt i små sirklar.

Ventar på den vesle, magiske setninga «Berre pant du, eg har så mykje». Ja! Musikk i øyrene mine. Diverre er det nok mindre enn ein av hundre som tek omsyn til sine medpantarar. Det hender eg spør om å få gå innimellom for å panta mine to posar med boble, bringebærsmak, men dette fell aldri i god jord, sjølv om eg som regel får klemt meg inn. Når eg har tømt posane på om lag eitt minutt, snur eg meg, smiler demonstrativt og uttrykkjer med heile mitt ansikt at «Sjå, så raskt kan det gjerast!»

Pantarar som sleper fulle bossekker etter seg burde blitt tvangsforviste til Stord IL sitt oppsamlingspunkt for tomgods på parkeringsplassen. Etter at bot og eventuell fengselsstraff er avklart sjølvsagt. Det er bortimot aldri kø på oppsamlingspunktet og det er til pass for dei som ikkje følgjer dei uskrivne reglane å stå utandørs i all slags vær.

Dei fleste av mine medpantarar stiller og med skitne flasker og boksar med ølrestar. Dette gjer at pantesona konstant har ein eim av sukker og humle, som igjen tiltrekkjer seg veps, insektsriket sine eigne terroristar. Då vert pantinga det verste marerittet eg kan førestilla meg. Utanom pantekø er det berre vepsen som kan gje meg mentalt nakkeskot. For sjølvutnemnte bushmenneske som meg er kombinasjonen panting og veps helseskadeleg. TOMRA burde innført 1,50 i pant for tomflaska og 1,50 i pant for korken. Og alle lyt spyla boksane sine. Då vert me kvitt det anarkiet som no rår i dei lokale pantemiljøa på øya. Og så slepp me dei vengjeutstyrte, gulsvarte terroristane. Det skulle også vore enklare for oss pantekøhatarar å få utskrive beroligande medisin som kan nyttast i pantesamanheng.

No står me føre ein rekordsein påske. Det tek til å bli skikkeleg lyst og varmt og vepsen har sikkert tenkt på å byggja sine vepsebol snart. Dei kravlar vel rundt i vepseverda si og klekkjer ut terrorplanane sine. I påsken er butikkane stengde. Tomgodset tårnar seg opp på Stord og i dagane etter påske vert neka med bossekkjer overrepresenterte på KIWI.

Eg kjem til å utsetjinga pantinga mi, ta mine to og to posar med Boble, bringebærsmak, med meg og panta på sivilisert vis. Då skriv me sikkert allereie mai månad og eg lyt slita med vepsen i alt griseriet panteanarkistane kjem til å overlata til meg.

Menneska avlivar sjuke hundar og hundar som bit, men panteanarkistane får halda fram som om dei skulle vore utrydningstrua elveskjelpadder i Amazonas.

Det er dei ikkje, berre spør meg!

- Annonse -