Skroget til "Cetus" er no på veg til Fitjar. Foto: Reiarlaget
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Samarbeidsprosjektet mellom skipsdesignarar på Stord og skipsverftet i Fitjar vert forsinka.

Salt Ship Design på Stord og Fitjar Mekaniske Verkstad gjekk våren 2017 saman om å levere fisketrålaren «Cetus» til 200 millionar kroner for Karmøy-reiarlaget som også heiter «Cetus.

Det markerte det første Salt Ship Design-prosjektet som vert bygd ved verftet på Fitjar.

– Den nye designkontrakten er svært gledelig for oss. Dette er første Salt-design som skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted, og me ser fram til godt samarbeid om nye Cetus, sa Egil Sandvik, styreleiar i Salt Ship Design.

Men trålaren skulle eigentleg vere levert til Fitjar i august 2018. Først no, meir enn seks månadar seinare, er skroget sjøsett og på veg til Fitjar. Utsetjinga skuldast mellom anna brann på verftet i Polen der skroget har blitt konstruert.

- Annonse -

– Arbeidet ved verftet er intensivert, og det vert no gjort unna arbeid som eigentleg skulle blitt gjort på Fitjar for å ta att noko av den tapte tida, fortel daglig leder i Cetus AS, Helge Olav Vikshåland, til nettstaden Tekfisk.

- Annonse -
- Annonse -

Planen er at Cetus skal setjast i drift på fiskebankane frå sommaren.

I desember i fjor vart det klart at reiarlaget har bestilt endå ein båt, som også skal designast av Salt Ship Design og utrusast ved Fitjar Mekaniske.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -