Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I eit ekstraordinært styremøte som skal haldast fredag, foreslår Domstoladministrasjonen at tingrettene på Stord og i Haugesund vart lagt under felles sorenskrivar. 

Forslaget til ny domstolsstruktur skal etter planen presenterast i oktober, men Domstolsadministrasjonen vil allereie no bestemme å legge tingrettane på Stord og i Haugesund under felles sorenskrivar, skriv nettavisa Rett24.

Truleg kjem avgjersla no fordi sorenskrivar i Sunnhordland tingrett, Knut Gramstad, skal gå av med pensjon til sommaren.

For lang reiseveg

I følgje nettavisa er det førebels ikkje snakk om noko full samanslåing, men å legge Sunnhordland og Hardanger tingrett inn under ein felles sorenskrivar.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) har dei siste månadane gått i bresjen for ei frivillig samanslåing mellom Sunnhordland og Hardanger tingrettar. Dette har også fått brei oppslutnad i Hardanger.

Domstolsadministrasjonen innstiller altså på at dette er ei løysing dei ikkje vil gå for.

- Annonse -
- Annonse -

– Me får sjå kva styret meinar, men mi vurdering er at samanslåing av Sunnhordland og Hardanger ikkje er noko optimal løysing. Haugaland tingrett ein ein stor tingrett, og den ligg berre ein time køyretur frå Stord. Til samanlikning tek det rundt tre timar å køyre frå Stord til Lofthus, seier domstolsdirektør Sven Marius Urke til Rett24.

– Det er jo dette eg har sagt

Ordførarkandidat Øyvind Kyvik. Foto: Stord Høgre

Høgre sin ordførarkandidat på Stord, Øyvind Kyvik, har tidlegare vore sterkt kritisk til ideen om å slå saman tingrettane i Sunnhordland og Hardanger.

– Det er jo dette eg har sagt. Me skulle gjort dette frivillig frå staten, for då hadde me sett oss i førarsetet, i staden for slik situasjonen er no, der domstolsadministrasjonen tek avgjersla aleine.

- Annonse -

Kyvik meiner det heile tida har vore urealistisk å jobbe for samanslåing mellom tingrettane i Sunnhordland og Hardanger.

– Utspelet til ordføraren har eg heile tida skjønt at ikkje var ei god framtidsretta løysing, korkje for tilbodet for innbyggjarane i Sunnhordland eller for advokatmiljøet på Stord.

Nøgd med løysinga

Han er likevel nøgd med at det førebels ser ut som at det blir ei løysing med fells sorenskrivar, men at ein elles held på tingretten som i dag.

– Så lenge me får behalde tilbodet med ein eigen avdeling på Stord, er dette ei fullgod løysing som sørgjer for at me får ein robust tingrett med lokasjon på Stord. Så dette opprettheld det tilbodet me ønskjer, både for innbyggjarane og advokatmiljøet.

Slik er innstillinga til Domstolsadministrasjonen.

«DAs vurdering er at arbeidet med å vurdere felles ledelse for Sunnhordland tingrett og Haugaland tingrett skal fortsette, til tross for den inngåtte intensjonsavtalen mellom Sunnhordland tingrett og Hardanger tingrett. Dette fordi administrasjonen vurderer at en ordning med felles ledelse for Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett, samlet sett gir en bedre løsning enn en sammenslått domstol for Sunnhordland og Hardanger. Best mulig ressursutnyttelse for domstolene samlet sett, domstolenes størrelse og størrelse på fagmiljø, geografiske og kommunikasjonsmessige forhold er sentrale faktorer i denne sammenhengen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -