Ole Amund Gjersvik (t.v.), Ole Jacob Hystad og Truls Horvei vil sørgje for underholdninga i Stord jazzklubb førstkomande laurdag. Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommande laurdag inviterer Stord Jazzklubb til eit musikalsk møte med trioen Truls Horvei, Ole Jacob Hystad og Ole Amund Gjersvik.

– Gjennom ein kombinasjon av poesi, saksofon og bass vil dei framføra Horvei sine sjølvskrivne dikt i stødig og god jazz & poesi-tradisjon, skriv Stord jazzklubb i ei pressemelding.

Det er duka for lett fordøyeleg jazz denne laurdagsettermiddagen. Musikken dei vil framføre er basert på standard jazzlåtar, pluss mykje improvisasjon.

Horvei vil legge ord til musikken gjennom opplesing av hans underfundige poesi.

– Han hentar inspirasjon frå både beatpoesi, haikudikting og surrealisme. Hystad og Gjersvik legg saksofon- og basstonane sine til dikta, eller dei spelar åleine.

Horvei, som kjem frå Bergen men har budd på Stord i fleire tiår, har gitt ut åtte diktbøker og seks CD-ar med musikk og poesi. Den siste boka, «Fars stemme», kom våren 2017.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Saksofonist Ole Jacob Hystad treng heller ingen nærare introduksjon. Stordabuen er godt kjend for dei fleste jazzinteresserte både her på øya vår og elles i landet etter mange aktive år som aktiv musikar.

Ole Amund Gjersvik er utdanna bassist ved Griegakademiet. Han er  kjend som soloartist, bandleiar og var i si tid med i Trang Fødsel. Han har spela med tallause artistar her heime, for eksempel Kenneth Sivertsen, Herborg Kråkevik, Ole Paus og Frode Grytten.

– Stord Jazzklubb ønskjer velkommen til ny konsert på Grand Hotell. Ein fin start på våren!

- Annonse -