- Annonse -

Torsdag kveld kan du få med ein sjeldan stund med høgtlesing med nokre av dei mest profilerte lokale forfattarane.

Målet er at forfattarabe Anders Totland, Roald Kaldestad, Åsmund Nesse, Per Olav Kaldestad og Atle Hansen skal klare å dele rettferdig på ein dryg time med høgtlesing og musikalske innslag.

Om dei lukkast vil berre dei som tek turen til pop-up-butikken/kafeen i Torgbakken finne ut i kveld klokka 18.

– Jo, det er litt optimistisk. Men eg er litt fan av at folk før litt kort tid, for då må ein gjerne spisse det ein skal framføre, seier arrangør og forfattar Roald Kaldestad.

Bok og skulebolle

Lesekvelden har fått namnet bok & skulebolle, mynta på lesearrangementa bok & bolle for yngre barn på Stord folkebibliotek. Som namnet tilseier vil det altså bli servert rykande ferske skuleboller, og i butikken er Sykkel og Kaffe-innehavaren på plass for å servere kaffe.

– Det klaffa då dette var ein dag med langope i heile Borggata, så då tenkte me det var kjekt å fylle det med meir innhald slik at folk kan kome seg inn og varme seg litt under handlinga.

- Annonse -

Kaldestad understreker at lesestunden passar både for vaksne og barn.

– Me vil jo helst at det skal vere mynta på barn i starten og så glir det over i vaksenarrangement utover.

Musikalske innslag

Det blir også musikalske innslag med Atle Hansen og bømlingen Åsmund Nesse, som akkurat har kome ut med den andre plata si. Han har den einaste som har vunne låtskrivarkonkurransen til Falturiltu ved to høve.

– Me satsar på at dette skal bli kjekt både for store og små.

- Annonse -