Liv Kari Eskeland fekk førstevalet sitt oppfylt. Foto: Stortinget/privat
- Annonse -

Den ferske stortingspolitikaren frå Stord fekk første ønsket sitt oppfylt når det i dag vart klart at ho blir medlem av energi- og miljøkomiteen.

– Eg fekk oppfylt første valet mitt, og er fantastisk fornøgd med å få jobbe med dette feltet som betyr så mykje for regionen vår. Det beste er at me har eit engasjert og framoverlent næringsliv som eg også i framhaldet vil ha tett og god kontakt med, seier Liv Kari Eskeland til Stord24.

Det var det sterke valresultatet til Høgre både nasjonalt og i Hordaland som gjorde at Eskeland kom inn på tinget.

To ting måtte klaffe for at ho skulle kome inn, både at Høgre fekk inn fem mandat frå Hordaqland og at Erna Solberg haldt fram som statsminister. Slik gjekk det, og Eskeland er dermed inne som fast vara for statsministeren.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på dette arbeidet, slår høgre-politikaren fast.

- Annonse -

Denne veka var det også klart at den meir erfarne stortingspolitikaren frå Stord, Magne Rommetveit, no blir medlem av presidentskapet på Stortinget. Dermed får han eit av dei høgste tillitsverva i landet.

- Annonse -
- Annonse -

Stortinget skal formelt konstituerast førstkomande helg.

- Annonse -