Litlabø mottak.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

UDI har gitt Stord mottakssenter beskjed om at det midlertidige mottaket på Litlabø vil bli avvikla 30. april.

Etter at Litlabø mottak for einslege mindreårige blei nedlagt for snart eit år sidan, har mottaket blitt gjenopna to gonger. Då under leiing av Stord mottakssenter på Heiane.

Først vart mottaket opna i fjor sommar, då det vart teke i mot opp mot 30 asylsøkjarar som i hovudsak kom frå Tyrkia. Det vart svært kortvarig. Men i november i fjor vart mottaket på nytt teke i bruk.

– Bruken av Litlabø er knytt til ei opsjonsavtale som UDI kan ta i bruk ved behov. Når det ikkje er behov kan dei seie opp avtala, og no er det ikkje behov for plass. Det gjeld ikkje berre Stord men fleire mottak på landbasis, seier mottaksleiar Anpuchelvan Mahesan ved Stord mottaksenter.

Mottaksleiar på Stord mottakssenter, Anpuchelvan Mahesan. Foto: Hero

I dag er det fullt belegg på mottaket på Litlabø. Det er i hovudsak familiar som bur der.

– Tida vil vise kor dei vil bli plassert når mottaket vart lagt ned. Som regel går det greitt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tal frå UDI viser at talet på asylsøkjarar i 2018 var historisk lågt. Totalt kom det 3.546 asylsøkjarar til Norge i fjor, noko som er det lågaste talet sidan 1995. UDI har estimert at talet for 2019 vil gå endå meir ned, til rundt 3000.

Men Mahesan er ikkje uroa over framtida ved hovudmottaket på Heiane.

– Nei, me tenkjer ikkje sånn. Me driv jo i ein bransje der det er behov for å vere i drift ved behov. Me har ganske fullt belegg i dag, og det er stadige inn- og utflyttingar.

Anpuchelvan Mahesan overtok stillinga som mottaksleiar på Stord i november, etter Glenn Kringlebotten. Før dette var han regionsjef i Hero på Vestlandet, før denne stillinga vart avvikla.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -