Illustrasjonsfoto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Frp-laga i Sunnhordland er i mot bygging av nye ferjestø på Stord og i Kvinnherad.

Av: Kai Morten Torget for Kvinnherad FrP, Stord FrP, Fitjar FrP, Tysnes FrP, Austevoll FrP, Sveio FrP, Etne Frp og Bømlo FrP.

Torsdag 5. april møtte representantar frå lokallaga i Sunnhordland finansfraksjonen i Framstegspartiet og nytte høve til å drøfta ferjesambandet Skjersholmane – Ranavik.

FrP i sunnhordland har lese uttale frå Kvinnherad-ordføraren frå referansegruppa som hadde siste møte onsdag 4. april.

Det har vert gjort eit godt stykke arbeid for og få betre samferdsle mellom dei to kommunane.

Det ser ut til og gå mot nytt ferjestø i både Kvinnherad og på Stord, noko me ser som lite framtidsretta i og med at det kjem ei bru over Langenuen som i framtida vil gjera det naturleg og ha eit ferjestø i samband med den nye vegen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det vil verta svært kostbart å bygga to nye ferjestø der det eine praksisen vert midlertidig. FrP i sunnhordlandskommunane meinar midlane kjem betre til nytte ved å heller starta arbeidet med ei ferjefri løysing inn mot den nye E39, som også kan sjåast på som ein start på ein sunnhordlandsdiagonal.

Frp-laga i Sunnhordland ynskjer heller å søka om ferjeavløysingsmidlar for sambandet Skjersholmane – Ranavik og få utarbeid forslag til anten tunnel eller bruløysing i samband med brua over Langenuen.

Hordaland FrP har vedteke resolusjon om KVU for sunnhordlandsdiagonal og Hordalandsdiagonal mellom E39 og E134.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -