Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Det vil ta lang tid å få varsla pårørande, seier politiet.

Torsdag morgon omkom ein person i ei ulukke på Stordabrua, etter at ein gjenstand fall frå ein trailer som trefte ein varebil. Ein passasjer blei uskadd i ulukka.

No stadfestar politiet at den omkomne er ein mann i 40-åra frå Litauen.

– Han skal ikkje ha noko familie i Norge, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Sørvest politidistrikt.

Sidan den omkomne er frå utlandet vil det ta lang tid å få varsla pårørande, seier Løklingholm.

– Det tar mykje lenger tid. Då må det gå forbi oss til Kripos og til den aktuelle etaten i utlandet. Så skal dei igjen iverksetje varsling, så sånne ting tek tid.

- Annonse -
- Annonse -

Jobba for Stord-firma

Den omkomne var fast tilsett i Malerfirma O. Kjelsnes AS frå Stord.

– Me mottok beskjeden i dag tidleg klokka sju at ein av våre tilsette hadde vore involvert i ulukka. Me stansa då alt føreståande arbeid, og alle dei tilsette blei kalt inn på kontoret. Me fekk samla alle for å gi dei best mogleg oppfølging etter at dei har opplevd at ein arbeidskollega mista livet, fortel Rune Kjelsnes som er ein representant for selskapet.

- Annonse -

Kjelsnes ønskjer at namnet på malarfirmaet kjem fram, for å sleppe spekulasjonar om kva firma som var involvert i ulukka.

Han fortel at dei vil ha ei ny samling for kollegaer i kveld.

– Dagen har vore sterkt prega av det som har skjedd. Me kjem til å samle alle kollegaaen på nytt i kveld. Me ønskjer å uttrykkje stor medskjensle med familien til han som mista livet, seier Kjelsnes.

Minnesmarkering

Politiet opplyser at det vil blir avholdt ei minnesmarkering på ulukkesstaden torsdag kveld.

I samband med dette vert Trekantsambandet stengt mellom klokka 18.10 og 18.25.