Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Mannen i 60-åra fall ned av lasteplanen på ein trailer måndag.

Det var måndag morgon at naudetatane fekk melding om uhellet på Eldøyane på Stord, etter at nokon hadde funne mannen liggande utan medvit ved traileren han var sjåfør for.

Mannen, som er litausk statsborgar, blei frakta til Haukaland universitetssjukehus med luftambulanse, etter at det først vart utført hjarte- og lungeredning på staden.

Men i dag opplyser etterforskingsleiar ved Stord-politiet, Roald Raunholm til Sunnhordland, at livet til mannen ikkje sto til å redde.

– Me fekk beskjed frå Haukeland i dag tidleg. Dei pårørande i heimlandet er varsla, seier Raunholm til avisa.

Mannen jobba som trailersjåfør og skulle levere noko for verksemda Marine Aluminium på Eldøyane.

- Annonse -

Det er førebels ukjent for politiet om uhellet var ei arbeidsulukke eller om fallet skuldast medisinske årsaker.