Liv Kari Eskeland fekk blome frå leiaren i Stord Høgre, Sverre Olav Svarstad då ho vart valt inn på stortinget. No kan opphaldet bli kortvarig. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Dersom mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug (Frp) fører til at regjeringa går av, vil Liv Kari Eskeland miste stortingsplassen sin.

Dei neste dagane blir skjebnedagar for regjeringa, når stortinget skal røyste over mistillitsforslag mot justisminister Sylvi Listhaug det kontroversielle Facebook-innlegget.

I følgje kjelder tett på statsminister Erna Solberg vil regjeringa gå av dersom det blit fleirtal for mistillitsforslaget.

Det vil i såfall føre til at Stord-politikar Liv Kari Eskeland (H) mister stortingsplassen sin, etter berre eit drygt halvår på tinget. Eskeland er nemleg inne som vararepresentant for Solberg medan ho er statsminister.

Justisminister Sylvi Listhaug er i hardt vêr. Foto: Wikipedia (CC-lisens)

Håpar på ei løysing

– Eg stolar på at me finn ei løysing på denne saka. Men tilfellet er at dersom Erna kjem tilbake til Stortinget går eg ut, seier Eskeland.

– Kva tenkjer du om det?

- Annonse -

– Nei, det er sjølvsagt ein situasjon som me svært gjerne hadde vore forutan. Så dette er ikkje noko ønska situasjon. Eg synest det er ei sak som handlar lite om politikk og sak, men no er me her og må finne ei best mogleg løysing, for å sikre vidare borgarleg regjering.

Eskeland stiller seg bak kritikken mot Sylvi Listhaug sitt Facebook-innlegg, men meiner opposisjonen bør akseptere unnskyldninga ho og statsministeren har gitt.

– Eg meiner at den statusen på Facebook var svært lite gjennomtenkt, og skulle helst sett at den aldri var sett på trykk. Men ho hr unnskyldt seg, og Erna har unnskyldt seg på vegner av regjeringa. Eg tenkjer at det må vere godt nok no for å kunne gå vidare, og så registrerer eg at andre er usamde. Det må dei sjølv ta ansvar for.

Stordabu er med å avgjere

Det er også ein annan stordabu som er hamna midt opp i Listhaug-saka. Som sentralstyremedlem og leiar i Hordaland KrF, er Dag Sele frå Stord ein av dei sentrale i KrF som skal avgjere om partiet skal slutte seg til mistillitsforslaget mot regjeringa.

Dersom KrF røyster for vil det vere fleirtal for mistillit mot Lishaug, og bane veg for ei regjeringskrise. Sele har sjølv ikkje bestemt seg før landsstyret i partiet møtest i Oslo måndag for å avgjere saka.

– Nei, eg har bevisst valt å la vere å konkludere til dess eg har vore med i debatten. Men eg har gjort nokre tankar om at tilliten hennar er sterkt svekka etter det som har skjedd. Det er godt grunnlag for den sterke kritikken, og så spørs det om tilliten er så svekka at me skal gå så drastisk til verks som å støtte eit mistillitsforslag, seier Sele.

– Kva tenkjer du om at valet de tek kan felle regjeringa?

– Det er statsministeren som sjølv har ansvaret for kva val ho tek. Viss det viser seg å bli fleirtal for mistillit, så er det ho som må ta denne avgjersla. Spørsmålet me skal ta stilling til er jo om me kan ha tillit til Listhaug som justisminister. Det er viktig for meg å seie at det ikkje er eit fleirtal på stortinget som har signalisert at dei ønskjer ny regjering.

Dag Sele skal måndag til Oslo for å vere med å avgjere korleis KrF stiller seg til mistillitsforslaget mot Listhaug. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Tek oppgåva på stort alvor

– Er det ei tungt ansvar å ta ei avgjerd som kan vere med å felle regjeringa?

– Om ikkje ei tung bør, så er det ei oppgåve me tek på veldig stort alvor. Det er ikkje ei beslutning me tek lett på.

– Listhaug har sagt unnskyld. Kvifor er ikkje dette godt nok?

– Eg tenkjer at ein må sjå dette i samanheng med prosessen, der den unnskyldninga sat veldig langt inne. Ho måtte hentast opp gang på gnag for å kome med ei unnskulding utan atterhald. I tillegg trur eg mange reagerer på at ho stiller opp og viser fram alle blomane ho har fått, trass i at ein del av desse kjem frå rasistiske grupper. Samtidig er det forskjell på tilgiving og tillit. Det er det siste me skal vurdere.

 

- Annonse -