Ved å byggje ut det eksisterande smoltanlegget på Fitjar ønskjer Lerøy å redusere faren for lakselus.
Smoltproduksjonen ved Kjærelva på Fitjar skal bli betydeleg trappa opp. Lerøy skal byggje ut det eksisterande smoltanlegget for 650 millionar kroner.
Ved å produsere større fisk og halde dei lenger på land, er målet å redusere perioden med eksponering for lakselus i opne merder i sjøen.
– Ein stor del av arbeidet vårt går på å få fisken fram til slakt før lusen kjem. Me ser at viss me plasserer stor smolt på 500 gram i sjøen, får me fisken fram til slakt utan å avluse den – eller med éi avlusning, seier Willy Berglund til iLaks.
Anlegget som er under oppføring vert Lerøy Vest og Sjøtroll sitt hovudanlegg for laksesmolt. To bygg skal førast opp med ei total bygningsmasse på 14.000 kvadratmeter.
I byggeprosessen vil opp mot 100 mennesker vere i sving, og jobben vert utført av av Krüger Kaldnes og Total Betong. Og det er svære dimensjonar det er snakk om.
– Kjærelva er et gedigent anlegg, det er det største anlegget me har bygd, og me trur dette er verdas største anlegg, fortel Heidi Kyvik, salgssjef i Krüger Kaldnes til iLaks..
Første levering av smolt vil skje i 2019. I mai 2018 vert det plassert rogn i anlegget.