Lensmann i Stord politidistrikt Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Politiet prioriterte å ikkje sende patrulje til staden då dei fredag fekk melding om ein 10-åring som forklarte at han hadde blitt jaga av ein mann.

Etter at Stord24 laurdag publiserte saka om 10-åringen som blei skremt av ein mann i Kårevik-området, har kritikken hagla mot politiet fordi dei ikkje prioriterte å gjere noko med saka.

Stord-lensmann Roald Raunholm forstår at folk reagerer. Han er klar på at politiet burde prioritert saka.

– Eg tenkjer at på denne saka så burde me vore ute. Me burde hatt ein patrulje på plass for å få dei opplysningane me treng, og eventuelt starta etterforsking.

Kvifor saka ikkje blei prioritert har han ikkje noko fullgodt svar på.

– På ein eller annan måte blir denne meldinga koda som at her skal me ikkje gjere noko operativt. Diverre. Det handlar ikkje om å ha tid eller ikkje. Her burde me vore ute.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet seier at dei følgjer opp saka i dag.

– Det er ikkje så lett å vere etterpåklok, men no tek me tak. Me skal ha eit møte med velforeninga i dag for å gi generell informasjon til dei. Og så må me finne ut kva denne guten har opplevd.

Raunholm seier at politiet ikkje har registrert fleire hendingar enn saka på fredag om 10-åringen, og ei sak rett før jul då ein skuleelev på Langeland skal ha blitt blei fysisk stansa av ein mann.

– Så vidt me veit har det ikkje vore fleire hendingar. Men det er uheldig dersom gapet er for stort mellom kva som blir snakka om på sosiale media, og kva som blir meldt til oss. Me vil veldig gjerne ha beskjed med ein gong.

- Annonse -