Lene Pilskog gir seg i Stord-politikken, men får toppverv i Vestland Ap. Her blei ho heidra av leiar i Stord Ap, Henny Førland Berger, under ordførarduellen i 2017. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I førre veke starta ho i ny jobb i Sunnhordland Naturgass. I helga vart Pilskog valt til styremedlem i Vestland Ap.

Pilskog er i dag sentral i Stord-politikken for Arbeidarpartiet, men har ikkje valt å stå på attval til hausten.

Det betyr ikkje at ho gir seg med politikken. Snarare tvert i mot. I helga fekk ho eit sentralt styreverv i nystifta Vestland Arbeidarparti, som blei stifta etter samanslåinga av fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Dette blir veldig kjekt. Det er jo ein veldig spennande periode å sitje i styret på, når me no skal starte ein ny organisasjon og me skal jobbe med samanslåing av to fylke. Det er dette som vil vere hovudfokus det komande året, seier Pilskog.

Leiaren i Vestland Ap vart Bergen-ordførar Marte Mjøs Pedersen.

Vil vere ei tydeleg stemme for Hordfast

Lene Pilskog er førebudd på mykje reising i samband med det nye vervet.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har ikkje oversikta per no, men møtene blir nok i hovudsak i Bergen via Skype, og så er me førebudd på å reise rundt og bli kjent med deler av det nye fylket.

Det har i Hordaland Ap vore stor usemje om korleis Hordfast skal prioriterast. Rett før jul kom gruppeleiar i fylkeslaget, Roald Kvamme, med ei breiside mot prosjektet i eit intervju med NRK Hordaland.

«Det er heilt gale å bruke 30–40 milliardar kroner på Hordfast. Eg finn meg ikkje i det», sa Kvamme.

- Annonse -

Trass i motstanden i enkelte deler av Arbeidarpartiet seier Lene Pilskog ho ikkje vil ha problem med å gi tydelege som styreleiar om at Hordfast skal prioriterast.

Viktig for knyte Vestland saman

– Eg held Hordfast-fana høgt og kjem til å gjere det som styremedlem også. Det er eit prosjekt som har høg samnfunnsøkonomisk nytte, og som både LO og NHO stiller seg bak. Eg har ikkje problem med å støtte det i styret.

– Sånn sett er det positivt for realiseringa av Hordfast at du er valt inn i styret?

– Eg vil iallfall gjere mitt ytterste for at me skal halde på trøkket om å realisere Hordfast. Oppgåva vår er jo no å bygge eit nytt fylke. Då vil jo Hordfast nettopp vere viktig for å knyte saman Sunnhordland med resten av Vestland fylke.

– Får du tid til å kombinere travel jobb i Sunnhordland Naturgass med toppverv i Vestland Ap?

– Det vil jo tida vise. No går eg jo ut av kommunestyret, formannskapet og komité for oppvekst og utdanning. Då vil rekneskapen slå positivt ut. I sum vil eg framleis trappe ned på politikken.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -