Lene Pilskog. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Styret i Stord Ap har landa på Lene Pilskog som partiet sin nye ordførarkandidat.

Det var på styremøtet 29. mai at styret i Stord Ap kom fram til at dei ønskjer å innstille Lene Susann Pilskog som ny ordførarkandidat. Det skriv partiet i ei pressemelding onsdag.

Innstillinga vert lagt fram overfor medlemsmøtet 12. juni i Stord Ap. Det er medlemsmøte som skal ta den endelege avgjersla.

Leiar i Stord Ap, Henny Førland Berger. Foto: Arbeiderpartiet

– Særs gode kandidatar

– Prosessen har vore grundig, med to særs gode kandidatar, seier Henny Førland Berger i Stord Ap.

– Kva var det som gjorde at de landa på Pilskog?

- Annonse -
- Annonse -

– Akkurat grunnen til at me landa på Lene har eg ikkje noko godt svar på. Det var så jamnt og me har slite veldig med kven me skulle velje, men det berre tippa over på henne. Me vurderte å stille med begge to til medlemsmøtet, men det blei me anbefalt at det burde me ikkje.

– Har kjønnsperspektivet spelt ei rolle?

– Det kan det ha vore, seier Berger som seier at diskusjonen i utvalet har vore veldig god trass i at

Lene Pilskog (fødd i 1979) er i dag medlem av Formannskapet, og var Stord Ap sin andrekandidat ved valet i 2015. Ho jobbar til vanleg som rådgjevar på Høgskulen på Vestlandet. Pilskog er skilt og har to barn.

Ifølgje partiet har koalisjonen vore informert gjennom prosessen så langt og er innstilt på å støtta ordførarkandidaten frå Stord Arbeidarparti.

– Modig val av partiet

Lene Pilskog fortel at ho fekk vite om avgjersla måndag kveld.

- Annonse -

– Eg er veldig audmjuk overfor tilliten som styret har gitt. Eg synest dei har gjort ei grundig arbeid og køyrt ein ryddig prosess. Eg må seie at dei har tatt eit modig valg.

– Kvifor modig?

– Modig i den forstand at dei har gått for ein kandidat som ikkje er så godt kjent.

Pilskog, som kjem frå Hareid på Sunnmøre, har ikkje hatt andre politiske verv før ho gjekk inn i Stord kommunestyre ved førre val. Ho har samme utdanning som Harry Herstad, med master i administrasjon- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho flytta til Stord for fire år sidan der ho jobbar ved Høgskulen på Vestlandet.

– Kva eigenskaper har du som gjer deg kvalifisert til ordførar-jobben?

– Eg vil trekkje fram evne til å byggje lag og vere samlande, og at eg er veldig interessert i regionsperspektivet. At Stord skal vere eit sterkt regionsenter for ein sterk og relevant region, seier Pilskog.

Respekterer avgjersla

Den andre kandidaten til ordførarvervet, Gaute Epland, har nyleg fått med seg innstillinga frå partiet.

– Eg har fått med meg innstillinga og respekterer den. Eg registrerer at den ikkje er samrøystes og at medlemsmøtet skal ta den endelege avgjersla, seier Gaute Epland.

– Er du skuffa?

– Nei, eg må berre respektere det dei har kome fram til, og veit dei har gjort ein grundig jobb. Nokre fleire kommentarar ønskjer eg ikkje å gi no.