Njord kom "heim" til Kværner Stord vinteren 2017. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Har teikna kontrakt med Equinor om å oppgradere alle lys på bustadkvarteret på Njord-plattforma.

Njord-plattforma ligg som kjent inne til oppgradering ved Kværner Stord, og skal etter kvart vere klar for ein ny generasjon i Nordsjøen til neste vår.

No får også Leirvik AS kontrakt på oppgraderingsjobben. Equinor har tildelt selskapet ein såkalla EPC-kontrakt (engineering, procurement, construction) på plattforma.

Jobben som skal gjerast er å oppgradere all belysning på bustadskvarteret til LED-lys.

– Å levere løysingar som bidreg til redusert energiforbruk og vedlikehaldsbehov er eit av satsingsområda for vedlikehald- og modifikasjonsavdelinga til Leirvik, skriv selskapet.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -
- Annonse -