Slik ser Vegvesenet for seg bruløysinga over Langenuen.
- Annonse -

Leirvik-sjef Helge Gjøsæter avslørte ei rekkje moglege prosjekt for bedrifta dei komande åra.

Fredag inviterte NHO Vestland til eit møte saman med leverandørindustrien på Stord og sentrale lokal- og fylkespolitikarar hos Leirvik AS.

Under presentasjonsrunden avslørte administrerande direktør Helge Gjøsæter i Leirvik AS ei rekkje prosjekt som potensielt kan gi verftet betydeleg arbeid i åra som kjem. Verksemda er no i ein bølgedal, og vil ikkje ha noko prosjekt i Aslaksvikjo når Peregrino II-bustadkvarteret blir levert i desse dagar.

– Me har no vore i ein hektisk fase på salssida for å sjå på moglegheitar internasjonalt.

I sluttforhandlingar

Gjøsæter ville ikkje røpe eit konkret prosjekt, men hinta til at det nærmar seg ei offentleggjering.

– Me er i sluttforhandlingar for ein stor modifikasjonsjobb som me må reise vekk frå øya for å gjere. Den håper me å dra i land for å ha kontinuitet for eigne oppdrag.

- Annonse -

Han gjorde det tydeleg at Leirvik no har gått vekk frå forretningsmodellen om berre å levere bustadkvarter. Verksemda er i dialog om prosjekt i ei rekkje andre segment. Mest oppsiktsvekkjande er kanskje at dei no er involvert i Hordfast-prosjektet.

Leirvik-sjef Helge Gjøsæter orienterte om moglegheiter for bedrifta i framtida. Her saman med kommunikasjonssjef i Wärtsilä, Jane Jünger. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Gigantkonstruksjon

– Hordfast er det mykje snakk om, og der har me gått saman med Norsk Hydro for å sjå på å bygge brua over Langenuen i aluminium. Dette vil vere ein gigantkonstruksjon.

For å setje brua i perspektiv samanlikna Gjæster brua med det største bustadkvarteret som Leirvik har levert, som var Johan Sverdrup på 1300 tonn. Ei mogleg aluminiumsbru over Langenuen vil vere på 7500 tonn.

– Anlegget vårt her på Stord er i utgangspunktet ikkje stort nok til å gjere denne jobben, så her må me finne smarte løysingar dersom me skal gjere det. Og skal me konkurrere på pris, må me ta i bruk nye løysingar som automatisert produksjon.

Vil levere modular til oppdrettsnæringa

Ikkje minst vil oppdrettsnæringa vere eit viktig segment for Leirvik.

– Innanfor oppdrettsnæringa er dette med resirkulering interessant for oss, der me har jobba med vassreinsedelen på store anlegg som er under utvikling.

Han nemnde konkret Erko Settefisk sin planlagde storutviding i Grunnavågen i Sagvåg som interessant.

– I Grunnavågen i Sagvåg er det eit stort anlegg under planlegging, og då ser me på sjølve vassbehandlingsbiten for å tilby dette i ferdige modular i aluminium, sa Gjøsæter.

Leirvik vil bygge aluminiumsskroget til el-hurtigbåten Urban Water Shuttle, som vil gå i rute ved Stavanger: Teikning: NCE Maritime CleanTech

Også eit samarbeid med næringsklynga på Stord, NCE Maritime CleanTech, kan gi arbeid til Leirvik framover.

– Me har vore med klynga i eit utviklingsprosjekt for den nye båten FRAM, ein elektrisk hurtigbåt som vil gå i rute ved Stavanger. Der vil det bli ein del av denne som skal produserast i vårt anlegg.

Samtidig held dei fram med å jakte etter meir tradisjonelle offshore-kontraktar.

– Internasjonalt kjem det ein del moglegheiter i Nordsjøen, der ein del av dei som kjem framover er for produksjonsskip, der me vil ha eit tett samarbeid med Kværner. Så får me sjå kva moglegheiter dette kan bli for oss.

Men førebels er det altså stille i korridorane hos Leirvik. Gjøsæter gjorde det klart at verksemda kjem til å redusere arbeidsstokken frå 280 til 250 tilsette i løpet av hausten.

Direktør i NHO Vestland, Tom Knudsen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Avhenging av kompetanse

Under møtet gjorde både Leirvik, Kværner og Wärtsilä det klart overfor politikarane og NHO kva som er viktig for dei. Som reversering av permitteringsregelverket, sikre framleis drift av Stord-modellen og at lærlingordninga må tilpassas ny teknologi og digitalisering.

– Me er heilt avhengige av at våre tilsette får ta del i ny kunnskap for å kunne vere med på den nye utviklinga, sa kommunikasjonssjef Jane Jünger i Wärtsilä.

NHO-sjef Tom Knudsen viste forståing for at permitteringsregelverket gjer det vanskeleg for offshore-bedrifter som befinn seg i ein bølgjedal, slik som Leirvik.

– Dette med permitteringsreglar har vore eit dilemma for oss. For regjeringa har vore oppteken av næringsnøytralitet. Ein er rredd for ein innelåsingseffekt der kor ein permitterar. Men me har sett på moglege dispensasjonsordningar for bedrifter som Leirvik. Det er fornuftig å innrette ordninga slik at ein kan spisse dei der det er utfordringar.

- Annonse -