Alle leikene på Ringo-butikken på Amfi-senteret er rydda vekk. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Skal du handle leiketøy til ungane til jul? Då er du nøydt til å dra til Heiane.

Den einaste lekebutikken i Leirvik sentrum, Ringo på Amfi-senteret, er gått konkurs. Dermed er det ikkje lenger nokon leikebutikk igjen i Leirvik.

– Du klarar ikkje lenger å overleve berre på leker. Eg trur du må ha fleire bein å stå på. Det blir vanskeleg å handtere ei skyhøg husleige og høge lønsutgifter når det du sel mest er leikeslim til 50 kroner, seier dagleg leiar Monika Tufteland.

Teknologi

Tufteland trur også leikevanane til ungar i dag har forandra seg ein del.

– Ungane leiker ikkje like mykje lenger. Det har vel mykje å gjere med all teknologien.

- Annonse -

Ho overtok lekebutikken i 2013, og klarte å halde hovudet over vatnet dei første åra. Men i 2016 gjekk selskapet på ein smell med eit minusresultat før skatt på 777.000 kroner. Omsetnaden hadde falle frå 5,5 millionar kroner til 4,8 millionar kroner.

Mange sel leiketøy

Sjølv om lekebutikken har vore den einaste på Leirvik peiker Tufteland på at likevel har fått hard konkurranse på mange frontar.

– Det er så mange andre som sel leiketøy i dag, som Spar Kjøp, Nille og Coop. I tillegg kjem konkurransen frå internett. Me klarte rett og slett ikkje å overleve på berre å selje leiketøy.

– Kva skal du til med no?

– Nei, det er det siste eg skal tenkje på no. No skal eg unne meg ein god juleferie.

I følgje senterleiaren er det Norli som no skal flytte opp i lokalet i 3. etasje. Her får dei meir plass, og vil dermed også selje leikar i eit nytt konsept. Det er ikkje klart kven som skal overta Norli sine butikklokale i 1. etasje.

- Annonse -