Les utfallet av dei omfattande budsjettforhandlingane.
For første gong sidan 2012 har ein sitjande koalisjon i Stord kommune lagt fram felles budsjett med opposisjonspartia. Torsdag føremiddag presenterer Ap, Sp, KrF, H og Frp sitt felles forslag til budsjett for 2020.
– Det har ikkje vore noko kjekt arbeid, men noko me har arbeidd seriøst og konstruktivt med, sa gruppeleiaren for KrF, Torbjørn Brosvik til Stord24 onsdag.
Ordføraren er nøgd med den gode dialogen på tvers av partia:
– Som ordførar har det vore viktig i den situasjonen vi er i, å ha ein god dialog på tvers av dei politiske partia, og mellom dei som sit i koalisjon og dei som sit i opposisjon, seier Gaute Epland (Ap) innleiingsvis på konferansen torsdag føremiddag.
– SV og Raudt signaliserte tidleg at dei ønskjer å legge fram alternative budsjett, men eg håper me kan få eit samla kommunestyre som stiller seg bak budsjettet. Det vil vere bra for både innbyggjarane, rådmannen og dei tilsette i kommunen, sa Epland.
Omfattande kutt
I framlegget som partia la fram torsdag kjem det fram at mange av dei omfattande kuttforslaga til rådmannen vil bli vedteke. Det betyr følgjande:
- Døgnavdelinga på rehabiliteringssenteret vil bli avvikla. 9,5 årsverk vil dermed bli redusert.
- Sju stillingar vil bli kutta i Stord sjukeheim og på Knutsaåsen
- Skulane får reduserte inntekter i form av elevressursen på 2,1 millionar kroner
- Vaksenopplæringa på Stord blir kraftig kutta, med 1,8 millionar i reduserte overføringar
- Dei private barnehagane får 3,2 millionar mindre i overføringar
- Døgntilbodet for rusavhengige i Åkervikåsen vil bli avvikla
- Maris blir vidareført, men vil bli kraftig redusert. Det er løyva éin million kroner til Maris i 2020, som er eit kutt på om lag halvparten av det som ligg inne.
– For Maris har me lagt opp til å vidareføre eit lågterskeltilbod i ein eller annan form. Det kjem me tilbake til seinare, seier Jakob Bjelland (Sp).
Reddar støtta til Bymisjonen
Desse tilboda vil bli redda:
- Støtta til Kirkens Bymisjon sitt jobbtiltak blir vidareført.
- Det er løyva 300.000 kroner til tilsetting av kommuneplanleggjar.
- Det er bestemt å likevel fase inn dei første av dei nye sjukeheimsplassane i nybygget på Stord sjukeheim i 2020.
- Vikarpoolen ved skulane blir redda og får ei løyving på 200.000 kroner.
- Stord maritime museum får 200.000 kroner i støtte.
- Måndag- og onsdagsklubben, samt fritidsklubbane, vil bli vidareført.
– Det har vore viktig å løfte opp dei svakaste som har vore mest berørt etter rådmannens framlegg, slik som Kirkens Bymisjon, Maris og ungdomsklubbane. Me er i ein situasjon med tøffe tak framover, men eg trur at me skal kunne sette kommunen i stand til å møte desse utfordringane, seier Torbjørn Brosvik (Krf).
Når det gjeld rådmannen sitt forslag om nedlegging av den kommunale barnehagen så er dette teke ut av budsjettframlegget, men partia ønskjer å leggje ned 50 kommunale barnehageplassar, og vil avgjere korleis dette skal løysast i ein seinare sak.
At Høgre og Frp er blitt med på forhandlingane har mellom anna resultert i at eigedomsskatten vil bli kutta.
– Me ønskjer ein framoverlendt kommune og er veldig glad for at me har fått inn viktige punkt som går på at vi på sikt skal redusere eigedomsskatten, frå neste år med 500.000, seier Øyvind Kyvik.
Ekstern gjennomgang av drifta
Det er også lagt opp til ein omfattande gjennomgang av kommunen si drift. Partia ønskjer å tinga ein ekstern gjennomgang av heile drifta, der målsetnaden er å redusere driftsutgiftene til kommunen med heile 35 millionar kroner i 2021. Det er sett av éin million kroner for dette arbeidet.
– Kommunestyret ønskjer å starte arbeidet snarast, og ber rådmannen legge fram eit forslag til mandag for arbeidet i desember-møtet til Driftsstyret.
Partia har også lagt fram fleire verbalforslag som ikkje går direkte på budsjettet. Mellom anna vil ein ta initiativ til at det blir framgang i prosessen for å bygge kollektivterminal på Ritland-tomta i Sæ.
«Kommunestyret bed rådmannen om å etablere eit samarbeidsprosjekt med Vestland fylkeskommune og eventuelt private aktørar om realisering av eit nytt kollektivknutepunkt på vedteken stad i Vikabrekko» heiter det i framlegget.
Det er også lagt opp til flytting av fleire kommunale kontor i sentrum. Partia ønskjer å flytte dagens helsestasjon i Myro inn i Stord Helsepark i Borggata når desse lokala er klare. Dette skal finansierast med sparte leigekostnadar som følgje av at Hamna kontaktsenter og Maris får nye lokale i høvesvis Vidsteentunet og Myro.
Sjå presentasjonen av budsjettet her: