Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -

Har sikra seg nok eit trekkplaster til årets utgåve av festivalen.

– Det er grådig kjekt å få besøk av 10CC til festivalen i år. Dei er eit band som mange har ytra eit ønske om å få sjå, og me føler dei passar veldig godt inn i profilen vår, seier dagleg leiar Øystein Vaage i Tysnesfest.

Med kjende låtar som «I’m Not In Love», «Dreadlock Holiday» og «The Wall Street Shuffle», er det ingen tvil om at britiske 10CC har markert seg som eit ikonisk rockeband for mange. Sidan oppstarten på 70-talet har dei bikka heile 30 millionar plater på verdsbasis.

Fredag 12.juli står bandet klare for å opptre på Gjerstad Arena – og allereie no ser det ut til at billettsalet til årets festival er godt i gang.

– Eg har ikkje nøyaktige tal her og no, men me ligg nokre veker framom skjemaet for å tangere rekordåret 2017. Det er svært kjekt å sjå at det ser ut som me har truffe bra på programmeringa, samtidig som me har fått tilbakemeldingar frå mange som angra på at dei ikkje kunne bli med i fjor, opplyser Vaage.

I 2017 var det heile 32.233 publikummarar tilstades på Tysnesfest. Til samanlikning var det ein nedgang på 5540 billettar i 2018, noko som førte til eit stort underskot for festivalen.

- Annonse -

Så langt er desse artistane stadfesta til Tysnesfest i år: Broiler, Matoma, AURORA, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Åge & Sambandet, DDE, Rotlaus, Staut, 10CC(UK), Skambankt, DJ Axillar, Ina Wroldsen, Kriminell Kunst, Kjartan Lauritzen, Ausekarane, Naboen Min, Finn Schjøll, Helge Jordal og Marthe Wang.