Trine Gravdal og Anne-Beate Ulveseth skipar til folkeaksjon for flyktningar på Stord førstkomande laurdag. Her frå ein flyktningleir for syrarar i Jordan. Foto: privat/Wikimedia Commons
- Annonse -

Trine Gravdal og Anne-Beate Ulveseth står i bresjen for at arrangementet «Nasjonal folkeaksjon for flyktninger» også blir markert på Stord.

Arrangementet vil gå føre seg i Leirvik sentrum førstkomande laurdag.

– Rapportane frå Hellas og andre flyktningleirar i Europa og Libanon viser at forholda er blitt forverra. Norske frivillige helsepersonell rapooterar om overfykte leirar, barn som sjølvskadar seg, frostskadar og anna, fortel Gravdal.

– Målet med aksjonen er at politikarane og regjeringa skal reagere. Europa tek støyten for grenseavtalar Norge har vore med på å forhandle. Det er dei mest sårbare menneska som må betale prisen.

Stord er ein av få byar i landet der folkeaksjonen vert arrangert. Utanom Stord blir det liknande arrangement i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Mandal.

Arrangementet vil starte ved Leirvik torg klokka 14. Her blir det i følgje arrangørane halde appellar, og deretter blir det tog gjennom sentrum.

- Annonse -

Til no har Redd Barna, CISV Sunnhordland, AUF Sunnhordland, SV, Stord Sosialistisk Ungdom, Norsk Folkehjelp og Human-etisk forbund slutta seg til arrangementet.

Ein av dei som vil halde appell under arrangementet er forfattar, tidlegare journalist, og snart SV-politikar Atle Hansen. Han kjem med desse orda i forkant av arrangementet:

«Sjølvsagt kan ein kjenna seg rådlaus, maktelaus, hjelpelaus overfor dei store flyktningkatastrofane, det er så lite vesle eg kan gjera med dette. Men det vesle ein kan gjera, både bør og skal ein gjera, om det så berre er å gå i eit demonstrasjonstog, eller syngja ein song eller skriva eit dikt. For også her gjeld det gamle ordet: Alle moner drar.»