Foto: Midtsiden
- Annonse -

Eit køyrefelt er stengt like nord for tunnelen ved Jektavik.

SISTE: Klokka 07:36 melder politiet at lastebilen vert berga.

– Når dette går føre seg blir det omkøyring via Fitjar. Arbeidet tek om lag ein time.

Klokka 05:34 fredag morgon meldte politiet på Twitter at ein lastebil har køyrt i autovernet, rett før tunnelen i retning Leirvik.

– Ingen personar er skadd. Eit køyrefelt er stengt. Skal vere veldig glatt på staden. Bergingsbil er på veg, skriv Politiet i Sør-Vest.

I 06:30-tida venter lastebilen framleis på bergingsbil.

- Annonse -

– Dei må ha ein såkalla tungberger. Akkurat no har vi ingen patrulje på staden, vi måtte ta eit anna oppdrag, fortel Sølvi Ravndal ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt

– Viss det ikkje er patrulje på staden, er det då ingen dirigering av trafikk?

– Då vi forlot staden var det to RISA-biler med blinkande lys. Vi skal sende bil opp når bergingsbilen er på plass.

Det er ikkje oppretta sak.

Ein person har kommentert politiet sin Twitter-melding og skriv at lastebilen «står stygt til». Ifølgje vedkomande skal det vere nordgåande felt som er stengt.

– Politiet er på veg for å dirigere trafikken, står det i ein oppdatering frå politiet klokka 06:59.

Saka vert oppdatert

- Annonse -
Forrige artikkelHo tek over drifta av Elite Foto: – Eg bestemte meg på fem minutt
Neste artikkelStillar seg undrande til at NVE avviser behovet for konsekvensutgreiing
Journalist – cassandra@stord24.no