Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Måndag morgon mista ein lastebil tilhengaren sin på Bømlabrua. Brua vart stengt i ein periode.

Sør-Vest politidistrikt meldte på Twitter klokka 06:25 måndag morgon at ein lastebil hadde mista tilhengaren sin og at den sperrer det eine køyrefeltet.

– Det er ingen personskade og politiet er på veg for å dirigere trafikken. Det er også bestilt bergingsbil, opplyste ein tilsett ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 06:51 vert det meldt på Twitter at det må påreknast god tid i kø på brua. Tilhengaren ligg på sida og skal ha velta grunna vind.

Yr.no melder at det på staden er sterk kuling med 18 m/s frå nord-nordvest.

Stengt for enkelte køyretøy

Ved halv ni-tida meldes det at bergingsbilen er på staden og at brua stenges heilt i ei kort periode for at bilen skal få jobbe.

- Annonse -

– Det er framleis store trafikale problemer på staden og enkelte køyretøy vil bli nekta å køyre over grunna vindforholda, skriv Sør-Vest politidistrikt.

– Det er lette køyretøy med henger, og lastebiler med skaphenger som vert nekta, informerar Steinar Knutsen frå politiets operasjonssentral.

Han opplysar at vinden er sterk og at dei difor dei vel å stenge brua for desse køyretøya.

– Vi har ein konstant måling og den viser rundt 26 m/s. Brua stenges automatisk på 30 m/s. Prognosane seier at vinden vil gå nedover mot lunsjtider.