Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein lastebilførar i 20-åra fekk førarkortet sitt inndratt av politiet etter trafikkuhellet.

Det var like før klokka 06 tysdag morgon at politiet meldte om hendinga, då ein lastebil køyrde ut av vegen. Det skjedde ved E39 like ved Heiane Storsenter.

Føraren, ein mann i 20-åra, kom uskadd frå utforkøyringa. Det var ingen andre bilar involvert.

– Politiet oppretter sak på uhellet og førarkortet til føraren er inndratt, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

- Annonse -

Det låg mykje jord og stein i den eine vegbanen etter hendinga, og entreprenør vart tilkalt for å spyle.

Vegtrafikksentralen opplyser klokka 08.00 at det blir manuell dirigering på staden grunna oppryddngsarbeidet.

- Annonse -