Fleire elevar kan måtta bruke sykkelen når dei skal på Langeland skule, åtvarar Skyss.
- Annonse -

Skyss åtvarar Stord kommune om at skuleskyss-tilbodet til elevar som soknar til Langeland skule kan bli forringa dersom Skyss må prioritere å køyre elevane i må gå på Tjødnalio skule.

Høyringsrunden er avslutta, og politikarane skal snart ta stilling til om krinsgrensane mellom Langeland skule og Tjødnalio skule skal endrast slik kommunen ønskjer.

No har Skyss sendt eit innspel til kommunen, der dei opplyser om at skuleskyss-tilbodet til elevane ved Langeland skule, kan bli påverka dersom dei må prioritere køyring av elevar til Tjødnalio skule.

Kan miste tilbodet

– Endra krinsgrensa medforer skuleskyss frå same omrade til to skular. Ein mogeleg
konsekvens av nye grenser er at elevar utan rett på skyss misser tilbodet sitt, og skuleskyssen blir forbeholdt elevar med rett på skyss etter opplæringslova. Dette fordi ein av to bussar som i dag køyrer til Langeland skule, no må nyttast til å frakte elevar til Tjødnalio.

Bakgrunnen er at elevane i Horneland/Hornelandsvågen vil få over fire kilometer skuleveg til Tjødnalio skule. Det betyr at fylkeskommunen er lovpålagt å gi skuleskyss til desse elevane, medan avstanden til Langeland skule er under fire kilometer og medfører ikkje skyssrett.

- Annonse -

Unntaket er 1. klasseelevar som har rett på skuleskyss dersom dei har meir enn to kilometer til skulen.

Ikkje ei plikt

Skyss peiker på at, dersom Stord kommune lar enkelte elevar gå på Langeland skule som vil hamne under Tjødnalio skule sine krinsgrenser, vil ikkje ikkje då vere ei plikt for Skyss å organisere skuleskyss til desse elevane.

– Skyss sin plikt til å organisere skuleskyss er avgrensa til dei til ein kvar tid gjeldande geografiske krinsgrensene. Kommunen har hove til å gjere unnatak, og til dømes å innvilge elevar som allereie går på Langeland skule å fortsetje der ut 7. trinn. Eventuell skuleskyss som dette forer med seg, vert eit kommunalt ansvar.

- Annonse -