Foto: Severin Eskeland
- Annonse -

Det oppsto store trafikkproblem etter ein kollisjon på E39 tysdag morgon. Ingen vart skadd i uhellet.

Klokka 7.46 tysdag morgon fekk politiet melding om tre bilar hadde kollidert på E39 mellom Heiane og Vabakken. Men det viste seg å berre vere to bilar.

– Det var to bilar registrert i uhellet, og det var ingen personskadar. Dei ordna opp med eigen skademelding, fortel operasjonsleiar i Sørvestpolitidistrikt, Irene Ragnhildstveit.

– Det er glatt på staden, så då har vel den eine mista veggrepet og gått inn i den motgåande bilen. Men eg forstår det slik at det ikkje har vore noko stor energi inne i biletet.

Det oppsto store trafikkale problem på E39 grunna ulukka. Det var manuell dirigering på staden med eitt køyrefelt ope. Stord24 har fått melding frå ein bilist som måtte stå bortimot ein time i kø.

Det dårlege vêret gjer at politiet ber folk vere ekstra varsame i trafikken. I Hystadvegen klokka 5.30 i dag tidleg vart det avholdt ein trafikkontroll. Resultatet blei at ein fekk munnteg pålegg om å fjerne snø frå ruta.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -