Gunhild Sundal er ein av fire fastlegar ved legekontoret Landsbylegane. Dei held i dag til i Torgbakken. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Fastlege Gunhild Sundal i Landsbylegane ønskjer meir tid til å vere bestemor. Ved å flytte inn i Stord Helsepark håper ho på å kunne ønskje ein ny lege velkommen.

Veidekke, som er entreprenøren bak storprosjektet til Borggata Futurum AS, er no i full gang med rivingsarbeidet i nedre del av Borggata. Våren 2021 skal Stord Helsepark etter planen stå ferdig.

Dagleg leiar i Stord Helsepark, Åsa Eldøy, uttalte til Stord24 i februar at om lag 40 prosent av lokala i bygget på 5800 kvadratmeter, allereie er utleigd.

No er det klart at legekontoret Landsbylegane vert ein av dei som flyttar inn i helseparken.

Gunhild Sundal, som var med på å starte Landsbylegane i 2001, fortel at dei treng større plass og at flyttinga til lokale i Stord Helsepark kan vere positivt for den utfordrande fastlegesituasjonen i Stord kommune.

– Vi vart spurt om vi ville etablere oss i helseparken, då dei ønskte eit fastlegesenter. Vi måtte bruke litt tid på å finne ut om vi ønskte det. Vi var nøgd med det vi hadde, men såg samtidig avgrensingar med tanke på at vi ikkje har moglegheit for å utvide her vi er no.

- Annonse -

– Alt i alt, etter å ha snakka og teikna saman, såg vi at dette kunne vere ein grei måte å sjå helsesenteret i framtida på.

Håper å vere attraktiv for nye legar

Sundal peikar på at etableringa i helseparken er eit framtidsretta steg i ei tid der mange kommunar slit med å rekruttere nye fastlegar.

– Det kjem til å bli kortare pasientlister etter kvart, då det vert meir arbeid med enkeltpasientar og fleire eldre med kroniske lidingar. Det er eit stort behov turnuslegar og ein mangel på allmennlegar. I Stord Helsepark er det moglegheiter for utviding slik at ein kan få inn studentar og turnuslegar, i samarbeid med kommunen.

Landsbylegane, som for øvrig kjem til å behalde namnet sitt, består i dag av fire fastlegar. Til våren får dei fem kontor og Sundal håper at det femte kan takast i bruk av ein ny lege som ønskjer å dele pasientliste med ho.

– Eg ønskjer reduksjon i arbeidstid, å kome meg ned til normaltid. Mellom anna for å få meir tid til å vere bestemor, fortel fastlegen.

Våren 2021 flyttar Landsbylegane inn i sjette etasje i Stord Helsepark. Skisse: MAD arkitekter

Spår mykje liv i huset

Sundal håper at Stord kommune vil vurdere å leige vegg i vegg med dei, i sjette etasje. Kommunen har frå tidlegare av signert avtale om å leige areal i tredje etasje, der helsestasjonen som i dag held til i Myro skal flytte inn.

– Det er to kontor som ligg inntil våre lokale, som kan vere mogleg for leie av kommunen i framtida, seier Sundal, og peikar på at nye legar er avhengige av rettleiing, noko dei kan bidra med.

Sundal ser fleire fordeler ved flytting til helseparken.

– Ein fordel er at vi tek del i noko som er større, at vi får i stand felles avtaler om praktiske ting som til dømes avfallshandtering, internett og slike ting. Totalt sett er det ei lette.

– Det vert også mykje liv i huset når det er eit fastlegesenter der, spår ho.

Vinn-vinn

Dagleg leiar i Stord Helsepark, Åsa Eldøy, er godt nøgd med avtalen dei har fått i stand.

– Det er viktig for oss å få inn fastlegar og vi er veldig glad for at dei er med på laget. Det har vore jobba med lenge, og det var viktig å finne ei god løysing i lag med dei. Det synest eg at vi har gjort no, og eg trur det vert vinn-vinn for begge partar, seier Eldøy.