Kokk Tor Harald Rysjedal (t.v.) og Thor Oddvar Havn Soma er makkarar med felles interesse for fisking og matlaging.
- Annonse -

Duoen Thor og Tor frå Austevoll og Stord skal syne fram mattradisjonar i Sunnhordland i eit nytt matprogram.

Dei møttest tilfeldigvis i hamna på Leirvik, og fann ei felles interesse i mat og fiske.

No er dei klare for sendetid på TV. Det er Matkanalen som vil sende serien på 26 minuttars episodar der mykje av filminga vert på Stord og Austevoll.

Tor Harald Rysjedal var tidlegare kjøkkensjef på Brygga 11 på Stord.

– Me skal dra opp sjøkreps i Austevoll og tilberede den. Me skal til Fitjar og dykke etter kamskjell, og me kjem til å befinne oss mykje i Leirvik-området og rundt omkring, fortel Tor Harald Rysjedal.

Han var tidlegare kjøkkensjef på Brygga 11 i Leirvik, og har over 20 års erfaring frå kjøkken i Norge, Italia og Frankrike. I tillegg er han lidenskapleg oppteken av flugefiske. Saman med makker Thor Oddvar Havn Soma frå Vestfold, med tilknyting til Stord, driv dei mat- og fiskebloggen torogthor.no.

Dei har allereie hatt ein kortare matserie med 5 minutters episodar på Matkanalen, men no får dei for første gong sendetid for fullengdes episodar.

- Annonse -

For Thor og Tor er det viktig å slå eit slag for kortreist mat fanta på ein miljøvenleg måte.

– Me har eit veldig fokus på miljø med kortreist mat. Me tek med oss alt me får og hiv det ikkje ut igjen. God forvaltning av fisken er viktig for oss, slik at generasjonar etter oss får glede av å fiske i nærmiljøet.

Rysjedal fortel også at det er kjærleiken til naturen i Sunnhordland som er motivasjonen for å lage serien.

– Me er så glade i naturen i Stord og Austevoll begge to, og har lyst å vise det fram til eit større publkum

Duoeen filmar og produserer episodane sjølv, og går straks i gong med innspelinga. Dei første episodane vil bli sendt på TV allereie i mai. Matkanalen kan sjåast av 1,5 millionar norske sjåarar.

Her er ein av dei korte episodane frå førre sesong:

- Annonse -