Geir Angeltveit, initiativtakar bak Stord Folkehøgskule AS. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

DEBATT: Kommunen skal framelska lærlingekulturen i alle våre samarbeidspartnarar.

Av: Geir Angeltveit, 
Ordførarkandidat, Stord Venstre

Denne veka tar Kværner imot sine 30-40 nye lærlingar. Læreplass er ein del av utdanningsløpet for mange, ein treng det for å fullføra fagbrevet sitt. I motsetnad til andre utdanningsløp er ein her avhengig av at verksemder og det offentlege tar målretta val for å etablera og ivareta lærlingeplassar.

Sidan Stortingsfleirtalet endra seg i 2013, har lærlingetilskotet styrka seg monaleg. Noko Venstre er svært nøgd med å ha fått gjennomslag for. Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida, så dei økonomiske incentiva nasjonalt må bli møtt med lokal innsats.

  • Me skal ha lærlingar i eigen organisasjon. Kommunen er ein variert og stor arbeidsgjevar og skal tilby eit mangfald av læreplassar.
  • Me skal ha lærlingar i våre kontraktar og anbod, og stilla fleire krav til entreprenørar, leverandørar og underleverandørar.
  • Samarbeida og oppmoda nabokommunane om ambisiøs praksis gjennom det felles innkjøpskontoret, og gå i dialog om å etablera eit opplæringskontor for kommunale fag på tvers av kommunane i Sunnhordland.

Skal me skapa ein av landets fremste oppvekstkommunar er me avhengige av at ungdom ikkje må risikera at visse utdanningsval er blindgater fordi det ikkje finnes læreplassar.

I partiprogramma kjem det ofte med tiltak som «slår inn opne dører». Det å tilrettelegga for gode lærlingeordningar og læreplassar er det ikkje noko automatikk i. Eg håpar det er ei forgløyming, at berre 3 av 9 parti som stiller til val nemnar lokale tiltak for lærlingar. For Stord Venstre er det sjølvsagt.

- Annonse -
- Annonse -