Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Utdanningsmiljøet på Høgskulen på Vestlandet på Stord er bekymra for at song og kultur blir nedprioritert for unge elevar som veks opp i ein overstimulerande verd.

– Me er sterkt uroa over kunst og kultur sin manglande plass i den nye generelle delen av læreplanen, og især musikk som er både eit kunst- og kulturuttrykk, skriv og forskingsmiljøet i musikk ved HVL på Stord.

Dei har sendt ein høyringsuttale til Kunnskapsdepartementet i samband med at ny generell del av læreplanverket for grunnskulen er på høyring.

– Til skade for barn og unge

Høgskulemiljøet på Stord har etter mange år bygd opp ei brei kompetanse på kulturformidling i grunnskulen. Difor er dei sterkt uroa over konsekvensane for regjeringa si nye læreplan for grunnskulen.

Noko av det dei reagerer på er at kunst og kultur er nedprioritert i læreplanen, og det som går på song i grunnskulen er ikkje er nemnd med eit ord.

- Annonse -
- Annonse -

– Ein slik slutt på ein stor og stolt tradisjon og ei slik utvikling er ikkje det norsk skulle treng i vår tid. Skulle så skje, utan at det politiske miljøet grip inn, vil det ikkje berre vere til skade for barn og unge i dagens skule. Det vil også svekkje samkjensle og fellskap i dette landet, skriv høgskulen.

Dei viser til at song og kulturuttrykk er ekstra viktig i den moderne medieverda dagens barn veks opp i.

– Elevane står i ein kompleks medieverkelegheit og den fragmentariske og til dels forvirra kultursituasjonen, som no også pregar skulen, ropar på situasjonar og aktivitetar som skapar konsentrasjon og kjensle av samhald og fellesskap.

– Klokt utvalde tekstar og melodiar sunge i fellesskap er, og har alltid vore, eit slikt verkemiddel som kan også i dagens skule løyse utfordringar i ein ofte fragmentert og overstimulerande kvardag.

Danningsprosjekt

Høgskulemiljøet meiner konsekvensane vil vere at songen er på veg ut som ein del av danningsprosjektet i den norske skulen.

- Annonse -

– I den nye femårige lærarutdanninga vil over 90 prosent av lærarkandidatane stå utan desse erfaringane frå eigen yrkesutdanning. Dei estetiske faga og dermed songen, er dermed sterkt svekka i denne utdanninga og kan dermed vera på veg ut som dannande verkemiddel i det norske danningsprosjektet.

Kjell Magnar Helland ved HVL. Foto: HSH

Studieleiar Kjell Magnar Helland ved musikkutdanninga utdjuper overfor Stord24 kvifor dei er bekymra over forslaget til ny læreplan.

– Det er blitt ein veldig instrumentell tilnærming, og går lite på at elevane skal oppleve og gjere erfaringar innan kunst og kultur. Det handlar meir om at ein skal vite om, i staden for å gjere eigne erfaringar, og det synest me er ein ganske dårleg utvikling.

Gradvis svekking

Helland viser til utviklinga der det i læreplanen frå 1974 sto at elevane skal ha erfaring med song i skulen, og i læreplanen frå 1984 står at elevane kan ha erfaring med song. Men no står det ingenting om song.

– Songen er ikkje nemnd med eit ord. Det er eit døme på at kunst, kultur og kreativitet får ein veldig liten plass. Sett frå fagmiljøet vårt er jo slike erfaringar viktige for å tolke og forstå vårt eige samfunn på.

– Kva konsekvensar vil den nye læreplanen gi for satsinga på kreative fag ved campus Stord?

– Me som institusjon set jo desse faga langt framme. Men når grunnskulen skal ha ei heilt anna vinkling enn tanken me har om faga, så vil det bli eit stort sprik mellom skulefaget og kunstfaget. Om det får andre konsekvensar i form av rekruttering og økonomi tør eg ikkje uttale meg om.

Høyringsfristen til læreplanen gjekk ut i midten av juni.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -