Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det kjem fram i den nasjonale studentundersøkinga som vart lagt fram tysdag.

Sidan 2013 blir alle norske studentar som er på andre året på ei bachelor-utdanning og andre året i masterutdanning spurt om kor bra dei trivst, og om kvaliteten på studiet.

Studentane rangerer utdanninga på ein skår frå 1 til 5.

Nest best i landet

I år kjem grunnskulelærarutdanninga for 1. til 7. trinn på Stord svært bra ut. Det er berre tilsvarande utdanning i ved Høgskolen i Innlandet i Hamar som har meir nøgde studentar på Stord, med 4,3 poeng. Studentane på Stord følgjer like bak med 4,1 poeng.

Snittet for denne utdanninga for heile Norge er på 3,7 poeng.

Men det er ikkje alle studia på Stord som kjem like bra ut. Bachelor i barnehageutdanning får berre 3,2 poeng, mot eit snitt på 4 for denne utdanninga.

- Annonse -

– For dårleg på enkelte studiar

- Annonse -
- Annonse -

Samla sett får HVL 4,0 i poeng frå alle studentane som har svart, ein tredjeplass blant høgskulane i landet. Det er prorektor Bjørk Kristin Selvik nøgd med.

– Fleire av studia ved Høgskulen på Vestlandet er blant dei best likte i landet. Særleg hyggelig er det at ingeniørstudia våre jamt over får gode tilbakemeldingar frå studentane. Men Studiebarometeret 2019 viser også at HVL har forbetringspotensial på enkelte område.

– På nokre få av studia våre skårar vi alt for dårleg. Dette tar vi sjølvsagd på største alvor. Frå år til år ønsker vi å bli betre på alle studia vi tilbyr. Vi trur vi har dei beste føresetnadane til å lykkast med det, med dyktige fagfolk og attraktive campusar over heile Vestlandet. Når den nye organiseringa av  høgskulen nå kjem på plass, vil det også vere positivt for studentane, seier Selvik.

- Annonse -