Langeland skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

LESARBREV: Klubben på Langeland skule stiller seg sterkt kritisk forslaget om å kutte i elevressursen.

Av: Sigrun Marthinussen Bruborg,
Klubbstyremeldem, Langeland skule

Rådmannen føreslår i sitt budsjettforslag å kutta i elevressursen på følgjande måte:

  • Elevressursen er for 2020 foreslått redusert med 2,12 mill. og differensiert:
    – kr. 6 686 per elev opp til og med 200  elevar
    – kr. 4 000 per elev frå 201 og oppover

Klubben på Langeland stiller seg sterkt kritisk til dette forslaget. Elevressursen er meint å skulle dekkja spesialundervisning, delingstimar, materiell og utstyr, leiing/administrasjon, vikar ved sjukdom og anna fråvær, utflukter m.m. Per i dag vert skulen driven med eit budsjett som er kutta til beinet.

Dersom rådmannen får gjennomslag for forslaget, vil det ramma dei største skulane i kommunen. Langeland, som den største skulen, vil bli hardast ramma. På Langeland driv me allereie skule med utfordringar knytta til rom og kapasitet. Ytterlegare kutt vil ramma elevane våre på fleire ulike måtar.

Dei to største barneskulane på Stord ligg i sentrum med størst andel av minoritetsspråklege elevar. Dette gjev utfordringar i høve til integrering. Er det slik at Stord kommune trur ein har mindre utfordringar i sentrum?

- Annonse -

Skuledrift kan ikkje samanliknast med storhushaldning, der kostnaden per enkeltindivid går ned dess fleire ein er. Bøker, datamaskinar og blyantar kostar like mykje til alle, og kostnaden til spesialundervisning blir minst like stor -om ikkje større- på ein stor skule. Elevane vil mista delingstimar i fag som kunst og handverk og mat og helse. Med klassar på 25-28 elevar vil det innebera at tekstil, sløyd og skulekjøkken blir umogleg å gjennomføra.

Me fryktar at me ikkje vil ha god nok økonomi til å gje alle våre elevar det dei har krav på, både i dei praktisk-estetiske faga, men også med tanke på spesialundervisning. Elevar som strevar og treng mykje støtte for å ha god nok fagleg utviking, vil få eit dårlegare tilbod. Skal me klara å forhindra fråfall i skulen, er det naudsynt med tilrettelagd undervisning for å løfta flest mogleg. Å gjera skuletilbodet dårlegare, vil kunna føra til at ungdom og vaksne fell utanfor utdanning og arbeid.

Me tykkjer også det er beklageleg at grunnskuleelevane i same kommune vil få ulike skuletilbod. Klubben på Langeland håper de finn andre løysingar enn å kutta ytterlegare i elevressursen. Dersom ein ikkje gjer det, vonar me elevressursen vil kuttast flatt, slik at alle skular, store og små, får like stor reduksjon per elev. Det er meir rettferdig at alle skulane bidreg til dette kuttet enn at dei skulane med mykje meir enn 200 elevar må ta byrden.

I Stord kommune sin budsjett- og økonomiplan for 2018-2021 står det mellom anna: «Me har relativt mange uføre og talet på unge som får sosialstønad aukar. Helse og trivsel heng saman med utdanning og inntekt. Tiltak for å motverka fråfall i skulen er viktig.» Dette målet samsvarar ikkje med ytterlegare kutt i elevressursen.

Vidare står det i økonomiplanen for 2019-2020: «Stord kommune har lågare netto driftsutgifter til grunnskule enn landet elles utanom Oslo. Kommunen nyttar mindre pengar enn landet elles til skulelokale og skuleskyss, samt til inventar/ utstyr og undervisningsmateriell.»

Dette er ikkje noko å vera stolt av. Dersom me skal danna og utdanna borna våre så dei opplever livsmeistring, noko som me etter dei nye læreplanane skal ha ekstra stort fokus på,  treng me ein kommune som vil satsa på born og skule. Det vil lønna seg!

- Annonse -