Marita Vassnes frå Stord Ap. Foto: Stord Ap
- Annonse -

DEBATT: Som lærar har eg kjent på frustrasjonen av å aldri strekke til, eller ha naudsynt kompetanse til å hjelpe og rettleie alle elevane mine.

Av: Marita Vassnes,
2. kandidat, Stord Arbeidarparti

Lærarane ser ut til å få større og større ansvar og eit breiare fagfelt dei skal ha kompetanse i. Rapporteringsplikta aukar i takt med ei veksande forventing om at lærarane skal vere meir tilstades og meir kreative i undervisninga.

Dei skal ha meir fagleg og fagdidaktisk kompetanse, ta seg tid til å gjere seg kjend med nye digitale verktøy og ressursar, kunne skape eit trygt psykososialt læringsmiljø for alle, vere konfliktløyser, vere motivator, vere vaktmeister, vere sykkelreperatør, vere psykologar, og ikkje minst sjå kvar enkelt elev og planlegge i det vide og breie for å tilpasse opplæringa ut frå kvar enkelt elev sine føresetnader.

Samstundes skal dei være fleksible i møte med nye læreplaner kvart 10. år, og ikkje minst nye elevar jamt og trutt. På mange måtar er jobben ein lærar skal gjennomføre umogleg.

Som lærar har eg kjent på frustrasjonen av å aldri strekke til, eller ha naudsynt kompetanse til å hjelpe og rettleie alle elevane mine. Denne kjensla kan dukke opp i møte med elevar med generelle eller spesielle lærevanskar, med ulike mentale utfordringar, som er utsett for omsorgssvikt, eller når ein står framfor 21 born med individuelle og ulike styrker og behov.

- Annonse -

Kommunen har som oppdrag å legge til rette for at skulane kan utføre sitt mandat om å ruste elevane til å møte eit samfunn i endring og utvikling, og bli aktive samfunnsborgarar i denne utviklinga. Å tilby eit støtteapparat for lærarar i møte med elevar når deira kompetanse ikkje strekkjer til, er ein god start. Av og til kan ein få ei uggen kjensle i magen i møte med enkelte born og unge. Det er ikkje alltid enkelt å avdekke kva elevar slit med, då enkelte jobbar hardt for å skjule sine demonar. Andre gonger møter ein elevar med utfordringar og vanskar knytt til ukjende diagnosar.

Heldigvis er det mange andre profesjonar som kan utfylle lærarane sine manglande kompetanse. Til dømes helsesjukepleiar, PPT og BUP. Det er difor eit viktig tiltak då ein starta opp med det me kallar Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).

Så snart den dårlege kjensla i magen dukker opp, har lærarane i Stord kommune eit støttande system som kan rettleie og støtte dei for å gi elevane den opplæringa dei har rett på. På kommunen sine nettsider er det tydelege instruksjonar og beredskapsplanar for å handtere ulike situasjonar, samt eit samarbeidssystem mellom dei ulike instansane som har den naudsynte kompetansen.

Elevane i vår kommune skal alltid vite at det er mange vaksne – både i og utanfor skulen – som gjer sitt ytste for å gi elevane trygge og gode læringsmiljø. Og dei vaksne skal vite at dei aldri står åleine i møte med krevjande situasjonar i møte med born og unge, men kan jobbe i lag med mange mot eit felles mål: gi borna den beste oppveksten.

- Annonse -