Bistandsadvokaten til jenta, Sigrid Andersen Cabot og aktor Henriette Kvinnsland frå rettssaka i Sunnhordland tingrett tidlegare i år. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein mann i 50-åra frå Sunnhordland er tiltalt for å ha utført gjentekne seksuelle overgrep mot si eiga dotter då ho var yngre enn 10 år gammal.

Overgrepssaka, som har gått for Sunnhordland tingrett over to dagar denne veka, vart først kjend for barnevernet for eitt år sidan.

Bakgrunnen for at saka vart kjend var at jenta, som i dag er i tenåra, skreiv ein skulestil som handla om ein far som hadde utført overgrep mot si eiga dotter. Det førte til at læraren fatta mistanke og sendte bekymringsmelding til barnevernet.

Då jenta fortalde om overgrepa til barnevernet blei ho umiddelbart flytta til ein beredskapsheim, og faren fekk besøksforbod mot dottera. Jenta hadde også ei tid i forvegen fortalt om ugjerningane til ei venninne, som også hadde teke kontakt med barnevernet.

På bakgrunn av det som så kom fram har Riksadvokaten teke ut tiltale mot faren for brot på fire paragrafar i strafflova, der dei mest alvorlege går på seksuell omgang med barn under 10 år og seksuell omgang med slektning i nedstigande line.

Strafferamma er på 21 år.

- Annonse -

Nye overgrep kom fram i retten

På den første rettssdagen spelte retten av videoopptak av forklaringa frå jenta, som ho hadde gitt på førehand.

Ho greia ut om det mest alvorlege punktet i tiltalen, om korleis faren fekk ho til å mastrubere han då ho var mellom 5 og 7 år gammal. Ho forklarte at faren i same periode gnei ho på kjønnsorganet då  han trudde ho sov.

Eit vitne som jobbar i barne- og ungdomspsykiatrien fortalte i retten at jenta i ettertid har fortalt om fleire overgrep, som ikkje var kjend då riksadvokaten tok ut tiltale.

Desse dreier seg om at faren ved fleire høve såg på pornografi saman med dottera då ho gjekk på barneskulen. Ho forklarte at det også ved desse høva skjedde tilsvarande seksuelle overgrep som i tiltalepunktet.

Langvarige trakasserande handlingar

Mannen er samtidig tiltalt for gjentekne seksuelt trakasserande handlingar mot dottera frå ho var liten og heilt fram til ho meldte frå om overgrepa i fjor. Jenta forklarte at faren jamnleg befølte ho på rumpa og brystene, og kom med kommentarar av seksuell karakter. Dette forklarte ho at har føregått over mange år.

Mannen i 50-åra er også tiltalt for å ha utført tilsvarande seksuelle handlingar mot ei anna jente som er ei jamnaldrande kjenning av dottera. Han skal mellom anna ha sendt fleire bilete av seg sjølv av seksuell karakter til denne jenta.

Politiet avdekka også gjennom beslag av tiltalte sin iPhone at han hadde søkt etter incest-relatert overgrepsmateriale på nettet.

Dottera til tiltalte har i dag fått diagnosen posttraumatisk stressliding, og har ei funksjonsnedsetting som følgje av det ho har vore utsett for.

– Ingen formildande tilhøve

Aktor Henriette Kvinnsland la ned påstand om fem års fengsel for alle tiltalepunkta.

– Her er det ingen formildande tilhøve. Tiltalte har begått eit enormt tillitsbrot mot ei dotter som er i ein svært sårbar situasjon, sa Kvinnsland.

Bistandsadvokat Sigrid Andersen Cabot la ned påstand om at tiltalte skal betale opp til 250.000 kroner i oppreising til dottera, og opp til 100.000 til den jamnaldrande jenta.

Mannen erkjente sjølv ikkje straffskuld.

Forsvarar Erik Lea la ned påstand om full frifinning, og viste mellom anna til at tiltalte hadde alibi for då det mest alvorlege overgrepet i tiltalen skal ha skjedd.

Tiltalte har tidlegare sona ei fem år lang fengselsstraff for ei rekkje valdtekter på 1990-talet.

- Annonse -