Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

DEBATT: Born og unge sitt fritids- og kulturtilbod må vere eit satsingsområde for livsglede, folkehelsa og personleg utvikling.

Av: Geir Angeltveit, Stord Venstre

Denne veka kom dei triste nyheita om at kultureininga i kommunen ikkje lenger har kapasitet til å arrangera Ung Kultur Møtes lenger. Eit kjært arrangement som har vore i over 30 år på Stord.

Dette kjem som ein konsekvens av vilkårlege kulturnedskjeringar i fellesbudsjettet frå dei raudgrøne og dei blåblå. Kutt som kjem på toppen av deira årelange kutt i kultursektoren og tilbodet til born og unge. Konsekvent mot Venstre sine stemmer.

Bømlo kommune arrangera UKM vidare. Og har invitert unge i Stord til å delta på Bømlo. Men det må vere Stord kommune sitt ansvar å dekka utgifter til dei som går vidare i arrangementet. Om det vert eit dugnadsbasert opplegg på Stord, eller gjestebod på Bømlo, meiner me at ein i det minste bør kunna finna midlar til å dekka avansement.

- Annonse -

Som vertskommune for musikklinjer ved både høgskule og vidaregåande skule, er det tosse om det ikkje vert UKM på Stord framover. Venstre har stått på for å styrka kultur og fritidstilbodet til born og unge, og har vore nøgd med UKM i kommunal regi. Kanskje om naudsynt kan me på sikt få til ei rullering mellom kommunane i regionen, for å skapa ein styrka fellesarena – som eit alternativ.

- Annonse -
- Annonse -

Born og unge sitt fritids- og kulturtilbod må vere eit satsingsområde for livsglede, folkehelsa og personleg utvikling.