Trine Gravdal i Redd Barna meiner politikarane på Stord bør ha eit auka fokus på barnefattigdom.. Foto: Pixabay/Stord SV
- Annonse -

Debatt: Redd Barna heiar på kommunestyret på Stord, og vonar at dei vil nytta høve når revidert budsjett skal vedtakast på juni-møtet til å bli ein føregangskommune som tek born på alvor.

Av: Trine Gravdal,
Redd Barna Stord

Redd Barna jobbar for at ingen born skal falla utanfor, og at alle skal ha dei same mogleikane. Barnekonvensjonen artikkel 26 seier at «Staten skal sikre at barnet får den sosiale hjelpen og den økonomiske støtten det har krav på etter lovene i landet».

Barnetrygda i Noreg er meint som ei universell ordning som alle skal dra nytte av. Framleis vel mange kommunar å trekkje frå barnetrygda når dei bereknar utbetaling av økonomisk sosialstønad og Stord kommune er ei av desse kommunane. Av alle kommunane me har i landet er det heile 2/3 som bryt den omtala artikkelen i barnekonvensjonen. I realiteten gjer dette at familiane som har dårligast økonomi mister verdien av barnetrygda. Når barnetrygda blir rekna som inntekt når ein skal søke om sosialhjelp, mottek dei økonomisk sett aller svakaste familiane i samfunnet, nemleg dei som har sosialhjelp som einaste inntekt, i realiteten ikkje barnetrygd. 

Dette gjer livet til borna det gjeld svært vanskeleg. Born som veks opp i låginntekt familiar kjenner på eit utanforskap. Det er vanskeleg å ha lite når andre born har mykje meir, noko som kan få alvorlege konsekvensar. Utanforskap kan utarta seg på mange ulike måtar; enkelte born får får ikkje vere med på dei fritidsaktivitetane dei ønskjer, og enkelte har ikkje internett heime, noko dei treng for å henge med på skulen. Nokre born får ikkje delteke på bursdagsselskap til sine klassekameratar fordi foreldra ikkje har råd, og andre kan bli mobba fordi dei ikkje har dei rette kleda. Det er born i Noreg som går på skulen utan å ha med matpakke, rett og slett fordi pengane ikkje strekk til. Dette gjeld også born på Stord.

Heldigvis er det ikkje heilsvart for Stord. Politiske parti som SV og Raudt jobbar for at Stord Kommune skal endre på denne praksisen. SV og Raudt har også med seg ein representant frå Ap som har vore med på å rette fokuset på utfordringa  med familiefattigdom i kommunen. Saka som var i Sunnhordland avis 7.april kunne ein lese at kommunen har hatt eit mindre forbruk på to millionar kroner, som ei årsak av at færre enn forventa hadde søkt sosialstønad.

- Annonse -

Redd Barna heiar på kommunestyret på Stord, og vonar at dei vil nytta høve når revidert budsjett skal vedtakast på juni-møtet til å bli ein føregangskommune som tek born på alvor. Barnetrygda skal ikkje reknast som ein inntekt som fører til at dei familiane som slit mest økonomisk får mindre sosialstønad!

Fordi barndom betyr alt!